– Forsvarleg å legge ned

– Det er ikkje realistisk at eit akuttkirurgisk tilbod ved Odda sjukehus framover vil kunne innfri krava til kvalitet som blir stilt i Nasjonal helse- og sjukehusplan og traumeplan, seier fagdirektør Baard-Christian Schem i Helse Vest. Helseføretaket behandlar i dag forslaget om å legge ned akuttkirurgien ved Odda sjukehus, og Schem går no gjennom argumenta for og mot nedlegging.