NRK Meny
Normal

– Før var døden så fjern. Når ein vert gamal kjem den nær.

Magnhild Marie Haugen er nesten alltid aleine og tenker mykje på kva det betyr å bli gamal. Ho kjempar for å bli buande i huset ho bygde saman med ektemannen.

Portrett av Magnhild Marie Haugen (81) frå Lindås.

TENKJER PÅ DØDEN: Magnhild Marie Haugen blei enke i 2006. I dette portrettet fortel ho blant anna om saknet etter ektemannen Lars (Foto/redigering: Christine Kongsvik/NRK).

Mange i Nordhordland kjenner Magnhild.

Sidan 70-talet har ho vore ein aktiv lokalpolitikar i Lindås, og har vore ei eldsjel på mange område. Sjølv no når ho er over 80 år deltek ho samfunnsdebatten, som medlem i eldrerådet og på kommunestyrelista for Arbeidarpartiet i heimkommunen.

Ho meiner dei eldre har mykje å bidra med. Men det er tyngre enn tidlegare.

– Bur her så lenge eg kan

Bilde av mannen sin Lars

SAKNAR LARS: Ektemannen til Magnhild døydde i 2006, og ho kjenner ofte på saknet etter Lars.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Det er bratte bakkar opp til huset der ho har budd dei siste femti åra. Særleg nedover er det tungt.

Ho har innstilt seg på at det kjem ein dag der ho flytter på institusjon. Men ho vil bli buande så lenge ho kan.

– Denne heimen bygde eg og Lars opp saman. Det er så mange minne knytt opp til han. Det er litt feigt å flytte når eg kan klare meg sjølv, seier Magnhild.

– Døden er naturleg

Mannen hennar Lars Haugen gjekk bort i 2006. Sidan har Magnhild vore enke.

Ho saknar ektemannen. Kvar veke går ho til grava med blomar frå hagen heime.

– Før var døden så fjern. Når ein vert gamal kjem den nær. Den vert naturleg. Eg har plass ved sida av Lars. Der skal eg gravleggast, seier Magnhild Marie Haugen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.