Hopp til innhold

Vil gjere det vanskelegare å starte restaurant

NHO arbeider med å stengje ute dei useriøse aktørane frå restaurantbransjen. No vil dei gjere det vanskelegare å starte restaurantar.

Restaurant Bergen

STRENGARE KRAV: NHO ønskjer at det skal bli vanskelegare å starte restaurantar (illustrasjonsbilete).

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

Wenche Salthella NHO

FOR LETT: Wenche Salthella i NHO meiner det er for lett å etablere restaurantar.

Foto: Renold Tennyson Christopher / NRK

Gunnar Bakke

ØNSKJER FLEIRE KOMPETANSEKRAV: Gunnar Bakke.

Foto: Sølve Rydland / NRK
– Det tiltrekk seg useriøse aktørar, når det er så lett å få innpass i næringa. Då får ein aktørar som ikkje kjenner til lovene og reglane ein må følgje, seier Wenche Salthella.

Ho er bransjesjef i NHO Hordaland, og meiner at det må bli vanskelegare å etablere seg i restaurantbransjen.

Ønskjer strengare test

I dag er det kommunane som avgjer kven som får serveringsløyve. Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha gjennomført ei etablerarprøve.

– Det er ein test i om du har kunnskap om alkohollova, og berre det, seier Salthella, og legg til at fleire område kunne vorte dekka av denne testen.

– Det kunne vore ein fordel at ein sørgja for at dei kan andre reglar dei må følgje, til dømes moms, skattar, avgifter og arbeidsmiljølov. Dette er heilt avgjerande for å drive ei bedrift.

Vil ha fleire kompetansekrav

Næringsbyråd i Bergen, Gunnar Bakke, meiner at kompetansekrava for å etablere seg kan vere for enkle.

– Vi må sjå på dei kompetansekrava som er der i dag, og gjere dei endå strengare, seier han.

Kva trur du vil skje dersom det blir vanskelegare å etablere seg?

– Eg trur at ein høgare terskel vil føre til at fleire seriøse aktørar etablerar seg, og at dei følgjer dei krava som blir lagt. Og så er det kanskje nokre useriøse som ikkje når opp og ikkje klarer å etablere seg, trur byråden.

– Berre positivt!

Sinco AS driv mellom anna Sumo Restaurant i Bergen. Der er dei godt nøgde med arbeidet til NHO.

– Det er berre positivt at dei gjer det vanskelegare for useriøse aktørar å komme inn på marknaden. Vi ønskjer alltid konkurranse velkommen, men det må vere på like vilkår, seier Marius Larsen i Sinco AS.

Statssekretær Trygve Svensson for Arbeidarpartiet i Nærings- og handelsdepartementet, er ikkje like sikker på at strengare krav er vegen å gå.

– Eg er litt usikker på om krava må bli strengare, eller om vi berre treng meir treffsikre måtar å sørgje for at reglane blir følgt på, seier han, og held fram.

– Dersom etablerarprøva skal bli endra, vil vi gjerne ha gode råd frå NHO. Samstundes har vi mange reglar i dag, og vår viktigaste oppgåve er å sørgje for at dei blir følgt, seier statssekretæren.