NRK Meny
Normal

– For få brannmenn til å måka snø i tillegg

Fagforeining slår alarm om minimal bemanning i brann- og redningstenesta på Flesland og andre norske flyplassar.

Bergen lufthavn

– FOR MYKJE ANSVAR: På Flesland i Bergen meiner dei tilsette i brann- og redningstenesta at det er for få folk på jobb. Bildet viser dei nye brannbilane som flyplassen fekk i 2013.

Foto: Egenes Brannteknikk AS

– Bemanninga er skore ned til eit minimum på fleire norske flyplassar, seier leiar i Norsk Tjenestemannslag Luftfart, Jostein Kleven.

Han er uroa for at brann- og redningstenesta ikkje har god nok beredskap på norske flyplassar.

På Bergen lufthamn, og alle andre flyplassar enn Gardermoen, har brann- og redningsmannskapa også ansvar for snørydding, målingsarbeid og å jaga vekk fuglar.

Særleg vintrane blir då hektiske for brannmannskapa.

– Me er kritisk til at det er blitt for lite personale til dei andre oppgåvene i tillegg til brann- og redningsberedskapen. Då blir det vanskeleg når det snøar, seier Kleven.

Stengt to gonger i vinter

To gonger i vinter har Flesland måtte stenga grunna mangel på brøytemannskap,

– Når flya ikkje går fordi det ikkje er rydda snø så er det i alle fall for låg bemanning, seier Kleven.

Flesland

SNØKAOS: Det var kaotisk då store snømengder fall på Bergen lufthamn Flesland i desember. I slike tilfelle kallar Avinor inn ekstra brøytemannskap, i tillegg til brann- og redningstenesta.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

På fleire flyplassar i Noreg opplever han at branntenesta er pressa.

– Ein har ingenting å gå på, og blir for svakt bemanna til å handtera uventa ting, seier Kleven.

Tilsett slår alarm

Ein av utrykkingsleiarane ved Bergen lufthamn har sendt brev til Luftfartstilsynet der han meiner bemanninga er i strid med det som står i regelverket.

«For at man skal kunne bruke slukkemidler, hoved og sekundær, både effektivt og samtidig, må beredskapen heves», står det blant anna i brevet.

Det er lufthamnsjef Aslak Sverdrup ikkje einig i.

– Når det gjeld brann- og redningsberedskap så er det definert ei minimumsbemanning ut ifrå det regelverket som gjeld. Slik me ser det så er me innanfor det regelverket.

Men det er færre tilsette no enn det var for eitt år sidan?

– Ja, det stemmer. Så me blir meir sårbare når fleire ting skjer samtidig, til dømes om vinteren.

Aslak Sverdrup

GOD NOK BEMANNING: Lufthamndirektør ved Bergen Lufthamn, Aslak Sverdrup, meiner dei held seg innanfor regelverket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kallar inn ekstra bemanning

– Dei kan ikkje gjera begge tinga samtidig, så om det vert meldt dårleg vær, så blir det kalla inn ekstra mannskap, seier Sverdrup.

Han presiserer at dei som har beredskapsvakt for brann og redning berre blir sett til andre oppgåver som gjer at dei kan vera i utrykking i løpet av to minutt.

– Me ønsker ikkje at det skal vera minimumsbemanning til ei kvar tid. Me må i etterkant av sesongen sjå kva tiltak me må gjera i samband med snøbrøytinga.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.