Hopp til innhold

– Folk slurvar med gass om bord i båtar

Det har vore fleire episodar med farleg gassforgifting på båtar i sommar. Båtbransjen ber no folk sjekka utstyret dei har om bord.

Erik Brauner

ÅTVARAR: Erik Brauner i Norboats seier mange ikkje er flinke nok til å testa utstyret på båtar.

Foto: NRK

– Det har vore vanskeleg å få folk til å forstå kor viktig det er å kontrollera slangane og regulatorane på gassanlegga, seier Erik Brauner prosjektleiar i Norboat, ein interesseorganisasjon for fritidsbåtbransjen.

Utspelet kjem etter fleire tilfelle av gassforgifting på norske båtar i sommar.

For to veker sidan vart to personar funnen døde i ein båt utanfor Årnes i Nes etter ein gasslekkasje.

I Bergen ligg tre personar kritisk skadd på sjukehus etter at dei vart funnen i ein båt ved Bryggen i Bergen sundag. Politiet mistenker at personane er kullosforgifta. Politiet etterforskar i dag hendinga, og det er så langt ikkje klart kva som førte til at dei tre vart forgifta.

– Gløymer å kontrollera

Gass for å fyra opp til dømes kokeplater er vanleg i fritidsbåtar. Bransjen meiner folk ikkje er flinke nok til å testa utstyret dei bruker.

Tre personer funnet bevisstløse på Bryggen

TRESKØYTE: Dei tre skadde i denne båten i Vågen i Bergen i går, vart forgifta av kullosgass

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Problemet er stort også i campingvogner og hytter, der folk pustar inn gassen når dei søv.

Brauner fortel at gassanlegget og slangane bør sjekka trykket ein gong i året.

– Ein må kontrollera at anlegget er 100 prosent tett. Det er om å gjera å sørga for å kontrollera og trykkprøva anlegget, slik at ein veit at ein har eit tett anlegg før båtsesongen startar.

– Konsekvensane av at ein ikkje trykktestar er at ein ikkje veit om ein har lekkasje eller sprekk i slangen.

Finst regelverk

– Det er ein tragedie at slike ulukker skjer. Ein ser utfallet no seinast i Bergen på sundag. Regelverket er heilt klart, men det vert ikkje overheldt.

Det er ting som skal vera på plass, fortel han.

– Slangen har ei levetid på fem år. Dei skal vera merka med dato og bør skiftast kvart femte år.

– Ein skal alltid ha ei kran like ved kokeapparatet ein kan skru att. Det kan vera langt frå gassbehaldaren til kokeapparatet i store båtar.

Gasskomfyr om bord på båt

BØR SJEKKAST: Ein typisk gasskomfyr om bord på ein fritidsbåt. Slangen til slike komfyrar er ein viktig ting å sjekka.

Foto: NRK

Gassalarmar kan monterast

– Det finst også gassalarmar ein kan få kjøpt. I augneblinken er den ikkje påbode i EU, men me trur det vil komma etter kvart.

Med ei gassflaske på fem kilo om bord er det enorm kraft når det først smell, fortel Brauner.

– Eit anna problem er at det syndast mykje med lagring av ekstraflasker. Den må lagrast i eigen boks.

Han kjem med ei klar oppfordring til publikum:

– Sjekk anlegget ditt!