Hopp til innhold

– Fleire spør om hjelp via Facebook

Elisabeth Tonning frå Bergen hadde verken tid eller krefter til oppussingsprosjektet. Redninga fann ho på sosiale medium. – Stadig meir vanleg, seier ekspert.

Elisabeth Tonning fekk hjelp til oppussing på Facebook

BEKYRMA: Elisabeth Tonning (t.h.) var redd ho ikkje skulle få pussa opp soverommet til dottera, slik ho hadde lova. Heldigvis fann ho ei løysing.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Eg hadde lova dottera mi å pussa opp soverommet hennar til jul, men tid og krefter strakk ikkje til, fortel Elisabeth Tonning.

For nokre veker sidan skreiv ho difor eit innlegg på Facebook, der ho bad om hjelp.

– Kvardagen blei for mykje. Det var legebesøk, skule, lekser, middag, handling, alt. Eg hadde ikkje overskot, seier Tonning.

Responsen lot ikkje vente på seg. Etter berre nokre timar hadde 35 personar meldt seg til dugnad på Facebook.

– Det var overveldande og rørande, seier Tonning.

– Modig

Ei av dei som melde seg var Linn Iren Wisnes.

– Eg synest det er tøft å sei frå. Facebook-innlegget trefte meg, og eg fekk lyst til å hjelpe, seier Wisnes medan ho sparklar soveromsveggen til Tonning si dotter.

Linn Iren Wisnes pussar opp hjå Elisabeth Tonning, som ba om hjelp på Facebook

GOD HJELPAR: Det var fleire titals som melde seg frivillig til å hjelpe til med oppussinga, blant dei Linn Iren Wisnes.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Tonning seier det var naturleg for ho å spørje om hjelp på Facebook.

– Kvar elles skulle eg gjere det? Eg visste ikkje om nokon andre plassar å spørje om hjelp. Eg synest ikkje eg kunne hengje opp plakat i nabolaget akkurat, seier ho.

Dugnadstrend på sosiale medium

Ifølge ekspert på sosiale medium, Tarjei Alvær Heggernes, er det stadig meir vanleg å be om hjelp nettopp på Facebook. Han trur det er lettare å spørje tilfeldige folk om hjelp, enn sine nærmaste.

– Ein vil gjerne ikkje vere til bry for dei ein kjenner, som ein veit har sine eigne ting dei må ta seg av, seier Heggernes som er lektor i strategisk bruk av IT ved Høgskulen i Bergen.

– Distansen som er mellom deg og dei digitale venene dine er litt større, og det gjer det nok lettare å spørje etter hjelp digitalt, seier han.

Tarjei Alvær Heggernes, lektor i strategisk bruk av IT ved Høgskulen i Bergen.

EKSPERT PÅ SOSIALE MEDIUM: Tarjei Alvær Heggernes seier det blir meir og meir vanleg å be om hjelp på Facebook.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Vil hjelpe tilbake

– På den måten kan dei som har tid og overskot hjelpe, i staden for at eg må mase på til dømes mor mi i som bur langt vekke for å få ho til å vere barnevakt medan eg heldt på med oppussing, seier Elisabeth Tonning.

Ho er takksam, og vil gjerne hjelpe nokon tilbake.

– Eg vil gjerne gi litt igjen, dersom det skullle vere nokon andre som treng litt hjelp ved ei seinare anledning, seier Tonning.