Hopp til innhold

– Fleire gutar får spreidd nakenbilete av seg sjølv

Nær kvar sjette ungdom har sendt nakenbilete av seg sjølv. No melder stadig fleire gutar ifrå om at bilete av dei blir spreidd på internett.

Guttegjeng Rå skule

FRIMINUTT: Tiendeklassingane Vegard Pihl Kallhovd (f.v.), Fredrik Vibe Henschien og Adam Shakil Khan brukar gjerne friminuttet på Snapchat.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Nokon vil jo seie at det er litt kult å få slike bilete, fortel Adam Shakil Khan.

Saman med kameratane Fredrik Vibe Henschien og Vegard Pihl Kallhovd brukar han friminuttet på Rå skole i Bergen på Snapchat.

15 prosent av norske 15- og 16-åringar har sendt nakenbilete av seg sjølv. Tidlegare har det vore kjend at mange jenter opplever at bileta blir spreidd vidare til andre enn den opphavlege mottakaren, men no er òg stadig fleire gutar opne om at dei opplever dette.

Ber om råd for å få fjerna bileta

Antimobbeekspert Ole Roger Vestøyl, som er føredragshaldar på Noregs største skuleturné mot nettmobbing, meiner det er positivt at gutane fortel om dette.

– Vi har merka ei endring ved at det er fleire gutar som fortel om utfordringar i samband med at dei har tatt nakenbilete av seg sjølv, delt dei på til dømes Snapchat og opplevd at dei blir spreidd vidare i andre digitale kanalar, fortel Vestøyl.

Etter at han haldt foredrag for over 40.000 elevar i fjor, strøymde gutane til for å fortelja om biletdelinga.

– Dei lurer på kva dei kan gjere, kvar dei får hjelp og om det er mogleg å få sletta bileta, seier Vestøyl.

Snapchat

SNAP: På Snapchat kan ein sende raske beskjedar og delingar i form av bilete, korte videoar eller chat. Bileta forsvinn etter 10 sekund, men det er mogleg å ta skjermdump.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Ubehageleg, men dumt å ta bileta

På Rå skole i Ytrebygda i Bergen har dei ikkje fått førespurnader frå gutar blant elevane som opplever dette, men rektor Hanne Hovland trur likevel at problemet er der.

I starten av januar fortalde NRK at opp mot 70 prosent av ungdomsskulegutane som blir mobba ikkje seier frå. Rektoren trur det er same tendens når det gjeld gutar og spreiing av nakenbilete.

– Det er frykteleg ubehageleg, men så veit dei sjølv at det var veldig dumt å ta slike bilete. Difor er ikkje vi dei første som får vite det, trur Hovland.

Hanne Hovland

PROBLEMATISK: Rektor ved Rå skule, Hanne Hovland, trur det er eit større problem med spreiing av nakenbilete enn det leiinga ved skulen får beskjed om.

Foto: May-Helen Rolfsnes

– Kleint

Gutegjengen Adam, Fredrik og Vegard trur mange synest det er flaut å seie ifrå om problemet.

– Det er jo ganske kleint å seie at ein har sendt noko slikt til andre. At nokon har sjølve biletet er endå meir kleint.

Antimobbeekspert Vestøyl meiner det kan få store konsekvensar å ikkje seie ifrå om at eit nakenbilete er blitt delt.

– På det personlege plan er det veldig vanskeleg å vite at det går ein halv skule rundt med nakenbilete av deg. Andre konsekvensar er at bilete kan bli misbrukt og følgje med deg resten av livet, med tanke på jobbsøknader og slike ting, seier Vestøyl.

– Sjølv om ein har gjort dumme ting på nettet gjeld det å tørre å prate om det. Kanskje er det mogleg å få rydda opp i det, seier han.