NRK Meny
Normal

– Det er ei skam for Bergen

Næringslivet i Bergen skammar seg over Fisketorget og meiner torget er langt frå slik byrådet lova.

Fisketorget

REAGERE: Leiar i Bergen Næringsråd Marit Warncke reagerer særleg på korleis det ser ut på fisketorget om kvelden og natta, men heller ikkje på dagtid er det slik som førespegla.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Bergensarane flest skammar seg over Fisketorget, det meiner Marit Warncke, leiar av Bergen Næringsråd.

Ho meiner byrådet ikkje har ordna opp på torget slik dei lova då den nye mathallen vart bygd.

Eg trur eg har stort sett alle bergensarane med meg når eg seier at vi ikkje kan vera bekjent med dette

Marit Warncke om Fisketorget

– Eg trur at eg har stort sett alle bergensarane er med meg på å seie at dette kan vi ikkje vera kjent med, seier Warncke.

Ikkje hold det dei lova

Warncke reagerer særleg på korleis det ser ut på Fisketorget om kvelden og natta, men heller ikkje på dagtid er det slik som førespegla.

Torget har tidlegare i år fått kritikk frå Bergen kommune for korleis det drivast. Rot, søppel, skjemmande utstyr, mange parkerte biler og opningstider som ikkje vert overhalde på sommaren er blant tinga kommunen tidlegare har kravd må ordnast opp i.

Leiaren for næringslivsorganisasjonen var og i juryen for den nye mathallen, og seier politikarane ikkje har heldt det dei lova då.

Warncke

IKKJE NØGD: Marit Warncke meiner at byrådet ikkje har ordna opp på torget slik dei lova.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg kan ikkje sjå det på nokon måtar og det ser jo heller ikkje ut som at det får konsekvensar. Ein får heile tida utsetjingar og eg kan ikkje forstå at det kan vera nødvendig at det skal sjå sånn ut. Ansvaret ligg jo hos Bergen kommune og byrådet, seier Warncke.

Ho har sjølv tatt dette biletet, som ho meiner viser mykje av problemet:

Eit stykke igjen å gå

Warncke meiner at ansvaret no ligg hos næringsbyråd Helge Stormoen.

– Eg forstår ikkje heilt kva Warncke vil med det utsegna, seier Stormoen.

Han seier mathallen er bygd og drifta av torget sett ut til eit eige selskap, som lova.

– Men vi veit at det framleis er eit stykke å gå før vi har det torget som vi ønskjer å ha, seier Stormoen.

– Er det eit politisk ansvar?

– Ja, det er min avdeling og mitt ansvar at torget skal stå fram så bra som mogeleg, seier Stormoen.

Hardare grep

Byrådet skal mellom anna no gå gjennom om noko skal gjerast med Fisketorget. Marit Warncke meiner politikarane må ta hardare grep.

– Fisketorget er jo den staden, i tillegg til Bryggen, som vi er mest stolt over i Bergen, og samtidig er det kanskje den staden vi skamme oss mest av, seier Warncke.

Laster Twitter-innhold
  • Kva meiner du om Fisketorget i Bergen? Sei din meining i kommentarfeltet under.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik