– Vår beste vurdering er at det per i dag ikkje fins noko høgreekstremt miljø i Bergen og Hordaland, seier fungerande politiinspektør i PST i Hordaland, Torstein Lund.
Han vil ikkje kommentera korleis dei kartleggjer eventuelle høgreekstreme miljø i fylket, men legg til grunn at PST har eit konstant fokus på moglege grupperingar.
– Strategien vår vil alltid vera å prøva å oppdaga dette tidleg, og soleis kunne førebyggja ei uønska utvikling, seier han.
- Les:
Landsdekkjande risikovurdering
Politiinspektøren vil heller ikkje kommentera kor god oversikt PST har over eventuelle høgreekstreme miljø, men viser til den landsdekkjande risikovurderinga:
«De høyre- og venstreekstreme miljøene vil heller ikke i 2011 utgjøre en alvorlig trussel for det norske samfunnet. Høyreekstremister i Norge har i de siste årene vært lite aktive. Tendensen til økt aktivitet i 2010 forventes imidlertid å fortsette i år».
Les:
– Riktig vurdering
Tidlegare redaktør i det «antifascistiske» magasinet Monitor, Tor Bach, har fulgt det høgreekstreme miljøet i Noreg sidan 1991.
Han gjer PST i det store og det heile rett i at det ikkje fins slike miljø i Hordaland.
– Mitt synspunkt er at PST har ein vurdering som i all hovudsak er riktig, seier han, og viser til at det høgreekstreme miljøet har gjennomgått ei endring dei siste åra.
– Dei nazistiske miljøa har avgått med døden. Det tilseier at det me sit att med av høgreekstreme organsiasjonar, er islamfiendtlege grupper som er spreidd over heile landet og som ikkje stadsspesifikke, seier Bach.
Les:
Vil ha meir forskning på høgreekstreme
Nyttar internett
Den tidlegare redaktøren peiker også at dei høgreekstreme ikkje lenger er synlege i lokalmiljøa slik som tidlegare.
No nyttar dei i staden internett som samlingsstad.
– Det handlar om at ein har meir nasjonale grupper og nettverk som nyttar internett til å samlast på i staden for dei gamle nazistmijøa som gjerne var lokale og meir gjengprega grupperingar, seier Bach.