Hopp til innhold

– Færre politikontor kan gå ut over lokalebefolkninga

Større politidistrikt og færre politikontor kan gå på kostnad av førebygging av kriminalitet og tilliten i lokalbefolkninga, meiner UiB-professor Per Lægreid.

Stavanger politistasjon og Rogaland politidistrikt

BLIR FÆRRE DISTRIKT: I følgje lekkasjane vil Rogaland politidistrikt bestå av Rogaland fylke pluss Sirdal kommune og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt etter reforma.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Talet på politidistrikt blir truleg kutta frå 27 til 12 når Politireforma vert lagt fram i ettermiddag, samstundes skal også talet på politikontor i Noreg ned.

Per Lægreid

KRITISK: Større og færre politidistrikt betyr ikkje at politiet vert betre, seier professor ved UiB Per Lægreid UiB.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Dette vil gjere politiet meir utilgjengelege for folk flest, meiner Per Lægreid, professor ved institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB.

– Handlekraft, effektivitet og beredskapspoliti vert flagga veldig sterkt i dag. Men det er jo berre ein verdi eller eit omsyn politiet må ta. Dei skal jo også vere lokalpoliti og ha kontakt med befolkninga, ikkje minst ha tillit i befolkninga.

– Blir vanskeleg å førebyggje kriminalitet

Nestleiar i justiskomiteen Anders Werp (H) seier talet på politidistrikt må ned for å gjere større politikraft tilgjengeleg i heile landet.

Regjeringa meiner patruljering skal gjere at folk opplever politiet som til stades, sjølv om talet på politikontor vert redusert.

Justisminister Anders Anundsen

LEGG FRAM REFORMA I DAG: Regjeringa og Venstre er einige om grunnlaget for ny politireform. Justisminister Anders Anundsen legg fram reforma i dag klokka 18.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Politistudien argumenterte for at no skulle politiet ut av kontora og inn i bilane, men dei må jo også komme seg ut av bilane og snakke med folk. Det er veldig vanskeleg for politiet å drive god førebygging av kriminalitet dersom ein ikkje kjenner lokalsamfunnet og borgarane, seier Lægreid.

LES OGSÅ: Vil ikke ha «et bilbasert beredskapspoliti» | – De fleste politikontorene i fylket vil bestå

– Kunnskapsgrunnlaget for reforma er magert

Bakgrunnen for politireforma er politianalysen som i 2013 konkluderte med at færre politidistrikt og politikontor var nødvendig for at politiet skal kunne handtere alle dei viktigaste politioppgåvene. Kunnskapsgrunnlaget for dette argumentet er nokså magert, sidan vert forska lite på politiet i Noreg, seier Lægreid.

Hyllestad lensmannskontor

KUTTAR: Ifølgje lekkasjane frå politireforma vil Hordaland og Sogn og Fjordane politidistrikt bli slått saman. Her ser ein Hyllestad lensmannskontor i Sogn og Fjordane.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Ei føresetnad må vere at dei som skal gjennomføre reforma har innsikt i konsekvensane av sine eigne vedtak. Det held ikkje å krysse fingrane og håpe på det beste.

Lægreid nemner NAV-reforma og sjukehusreforma i Oslo som døme på at fleire reformer og store organisasjonar ikkje har synt seg å vere lite vellukka.

– Det er behov for omstilling og endring i politiet, men spørsmålet er om medisinen dei grip til er den beste. Ein betre strategi ville ha vore å prøvd ut reformer i utvalde politidistrikt for å sjå korleis det fungerer, ikkje setje i gong ein landsomfattande reform som ein ikkje ser konsekvensane av.

LES OGSÅ: Sunnhordland vil ikke til Rogaland