Hopp til innhold

– Få statsrådar frå heimfylket til Erna

Finansbyråd Liv Røssland i Bergen blir lansert som mogleg statsråd. Men professor Frank Aarebrot trur ikkje ho er aktuell.

Erna og Siv

NY REGJERING: Siv Jensen (Frp) og Erna Solberg (H) forhandlar om den nye regjeringa, og det er mange spekulasjonar om kor mange hordalendingar som får plass rundt kongens bord saman med partileiarane.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Liv Røssland

MOGLEG STATSRÅD: Dagbladet lanserer finansbyråd Liv Røssland (Frp) i Bergen som ein mogleg statsråd i den nye regjeringa.

Foto: NRK

Det er først og fremst i Høgre at valforskaren ser ein klar statsråd frå Hordaland.

– Monica Mæland er ein interessant kandidat, seier professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen til NRK.no.

Elles trur han ikkje det blir mange statsrådar frå Hordaland, sjølv om statsministeren er frå fylket.

Regjeringsforhandlingane mellom Høgre og Framstegspartiet går føre seg for fullt på Sundvolden Hotell, og kan bli avslutta i løpet av denne veka.

– Njåstad aktuell

Aarebrot meiner at ordførar Helge André Njåstad i Austevoll kan vera ein joker for

Frank Aarebrot

TVILAR: Professor Frank Aarebrot tvilar på at Liv Røssland blir statsråd.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Framstegspartiet, i større grad enn tidlegare nestleiar Terje Søviknes frå Os.

– Eg føler at Njåstad ligg betre an, seier Aarebrot.

Øyvind Halleraker (H) var lenge favoritt som samferdsleminister. Men no trur Aarebrot at han er uaktuell, etter bråket rundt betaling og verv knytt til bompengeselskap.

Røssland lansert

Dagbladet lanserer i dag finansbyråd Liv Røssland (Frp) i Bergen som mogleg statsråd.

Ho skriv i ein sms til NRK at partiet har mange dyktige kvinner. Utover det vil ho ikkje kommentera regjeringskabalen.

Men Aarebrot trur ikkje ho er kandidat.

– Eg har liten tru på Liv Røssland på sentralt nivå, seier han.

Aarebrot trekkjer derimot fram pensjonert stortingsmann Arne Sortevik som eit mogleg ministeremne for Framstegspartiet.

Utover det trur valforskaren at hordalendingane må lenger ned på rangstigen.

– Mange høgrefolk i Bergen kan vera aktuelle som statssekretærar eller rådgjevarar, seier Aarebrot.

Kven trur du får ein plass i regjeringa? Skriv di meining i kommentarfeltet nedanfor!