Hopp til innhold

– Eks-misjonær bør få 7 års fengsel

Aktor har kome med påstand i saka mot eks-misjonæren som er tiltalt for fleire seksuelle overgrep.

Gert Johan Kjelby

Aktor Gert Johan Kjelby mener sju år er passande straffenivå.

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK

Den 45 år gamle eks-misjonæren er tiltalt for å ha misbrukt fleire gutar på ein barneheim i Argentina. I slutten av mars starta rettssaka mot mannen i Bergen tingrett .

I dag la aktor ned påstand om sju år og seks månader i fengsel, og dom i saka fell 3. mai, skriv avisa BA .

– Passande straffenivå

Den 45 år gamle bergensaren har erkjent delvis straffskuld, men statsadvokat Gert Johan Kjelby meiner det er eit passande straffenivå.

– Påstanden er sett til fengsel i sju år og seks månader, for fleire anale valdtekter mot tre gutar og utuktig omgang med gutar i perioden 2001 til 2005 i Argentina, seier Gert Johan Kjelby til NRK.

– Kvifor hamna de på denne påstaden?

– Det dreier seg om ei rekke valdtekter av tre gutar som er ganske unge og det har skjedd over ganske lang tid. Eit særleg skjerpande omstende er at han trugar med at om dei ikkje er med på dette så vil dei mista plassen sin på barneheimen. Det har sjølvsagt gjort sterkt inntrykk på dei, og skapt ein nokså vedvarande trugselsituasjon, seier Kjelby.

LES OGSÅ: Tiltale mot eks-misjonær

Sten Erik Ottesen

Eks-misjonærens forsvarer, Stein Erik Ottesen.

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK

Bad om frikjenning på nokre punkt

45-åringen var til stade då aktor sin påstand blei lagt fram.

– Han blei overraska og det er eit syn eg deler, seier forsvarar Stein Erik Ottesen til NRK.

Forsvararen la i sin sluttprosedyre vekt på at eks-misjonæren i 2006 meldte seg sjølv, og at det har gått lang tid forholda fann stad.

– Eg bad om frikjenning for det han ikkje har erkjent straffskuld for, og på dei øvrige punkta bad eg om at han blir ansett på mildast mogleg måte, seier Ottesen.