– Eit symjeanlegg for dei med god råd

Med dagens prisar blir det å svømme i Ado Arena ei stor belastning for familiar, seier bystyrerepresentant for Ap, Nils Gunnar Knudsen: – Eg håpar byrådet vil ta til vet, seier han.

ADO Arena

– FOR DYRT: Billettprisane for eit årskort på Ado Arena er 4800 kroner i året for vaksne og 2800 kroner for barn. Det gjer at mange ikkje vil ha råd til å bruke det, meiner bystyrerepresentant Nils Gunnar Knudsen (Ap).

Foto: Anders Ekanger / NRK

I kveld møtte politikarar og idrettsbergen til #bergensdebatten for å diskutere stoda og framtida til idrettsanlegga i Bergen.

Alexander Dale Oen

HEIDRA: Den nye storstova i Bergen har fått namn etter Alexander Dale Oen, som døydde i 2012.

Foto: Thomassen, Christian / SCANPIX

Debatten har rasa kring det nye milliardanlegget, Ado Arena, som er kalla opp etter Alexander Dale Oen.

Svømmehallen blei 400 millionar kroner dyrare enn budsjettert, med ein total kostnad på 1,61 milliardar kroner. Også billettprisen folk må ut med for å besøke Ado Arena, er for høg, meiner bystyrerepresentant for Ap, Nils Gunnar Knudsen.

– Eg håpar at byrådet vil ta til vet og gjer noko med dette slik at fleire har ein moglegheit til å kunne svømme der. Det kan ikkje berre vere eit anlegg for dei som har god råd, seier Knudsen.

– Prisane burde vere lågare

Nils Gunnar Knudsen - Ap

– FOR DYR: Eit årskort på Ado Arena kostar 4800 kroner for vaksne, og 2800 kroner for barn. – Det kan ikkje berre vere eit anlegg for dei som har god råd, seier Nils Gunnar Knudsen (Ap).

Foto: Rolf Hordnes

Eit årskort ved Ado Arena kostar 4800 kroner i året for vaksne, 3000 for ungdom og 2800 for barn. Årskorta for vaksne ved dei andre 50-meters svømmeanlegga i Noreg ligg på mellom 3750 kroner og 5880 kroner.

  • Ankerskogen svømmehall på Hamar: vaksen 4200, ungdom 3900, barn 2370.
  • Aquarama i Kristiansand: vaksen 4200 (frå 16 år), barn: 3600.
  • Drammensbadet i Drammen: vaksen 4975, ungdom 3695 barn: 2965.
  • Frognerbadet i Oslo: vaksen 3750, ungdom 2700, barn 1900.
  • Tøyenbadet i Oslo: vaksen 3750, ungdom 2700, barn 1900.
  • Pirbadet i Trondheim: vaksen 5880, ungdom 4140, barn 3000.
  • Oasen svømme- & miljøsenter i Namsos: vaksen 3900, student 3000, barn 2500.

– Skal ein familie reise til sentrum for å bade blir det i tillegg til dyrare billettar, bompengar og reiseutgifter. Det vil bli ei stor belastning for familiar dersom dei har lyst til å bruke Ado-arena i helgane, meiner Knudsen (Ap).

– Vil få konsekvensar i mange år

Symjehallen blei 400 millionar kroner dyrare enn forventa, og har no ein førebels prislapp på 1, 61 milliardar kroner. På #bergensdebatten i kveld møter representantar frå idretten som er uroa for at Ado-budsjettsmellen vil få følgjer for dei andre anlegga.

Amalie Skram vgs

BUDSJETTSMELL: Sju månadar før symjeanlegget skulle opnast blei det oppdaga vasslekkasje i taket.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Den uroa deler eg. Med 400 millionar kroner mindre i budsjettet på grunn av symjeanlegget, vil dette få konsekvensar for resten av idretten i Bergen i mange år framover.

LES OGSÅ: Må bytte tak før svømmehallen er ferdig

Då det nye svømmeanlegget opna, stengde samstundes Sentralbadet i Bergen. Fleire bydelsbasseng blir også stengt for vanleg publikum i helgane, og Knudsen er uroa for at fleire bydelsbasseng skal bli lagt ned.

– Det er klart dette er uheldig. Ved å legge ned bydelsbasseng vil dette gå ut over familiar som har lyst å svømme på anlegga i bydelane, der det er heilt andre prisar, seier Knudsen.

Meiner prisnivået er riktig

Stormoen ny byråd

– RETT PRIS: – Me meiner å ha lagt oss i eit sjiktet som ser heilt rett ut mot den prisen andre samanliknbare bad har, seier idrettsbyråd Helge Stormoen.

Foto: NRK
ado arena

DEBATT: På #bergensdebatten i kveld møter representantar frå idretten som er uroa for at Ado-budsjettsmellen vil få følgjer for dei andre anlegga.

Foto: NRK

Bystyret i Bergen behandla billettprisane i Ado Arena før sommaren, og vedtok dagens prisar.

– Me har sett til tilsvarande symjeanlegg, som Os-badet og Vannkanten. Samanlikna med dei prisane ligg me omtrent midt på prisleiet dei har, seier idrettsbyråd Helge Stormoen (Frp).

– På landsbasis har me tatt utgangspunkt i Pirbadet, Drammensbadet, Skiensbadet og Aquarama. Me lagt oss i det me definerer som det nedre sjiktet i forhold til samanliknbare bad.

– Men samanlikna med fem av sju andre 50-meters basseng i Noreg, ligg Ado-arena høgare i pris for årskort?

– Me meiner å ha lagt oss i eit sjiktet som ser heilt rett ut mot den prisen andre samanliknbare bad har. Det finst sikkert anlegg i Noreg som har lågare pris, men det finst også anlegg som har ein høgare pris.

Stormoen avkreftar at bydelsbasseng kjem til å bli stengt, men seier noko av opningstida i bydelsbassenga vil bli reservert symjeklubbane i Bergen.

– Noko av det som i dag er open publikumsbading vil bli i varetatt av symjeklubbane. Dette har skapt engasjement. Så no ser me på moglegheitene for at publikum framleis skal kunne få gå til bydelsbassenga på same måte som dei har gjort i dag, også i helgene, seier Stormoen.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.