Hopp til innhold

– Ein viktig dom for kvinner

Lagmannsretten meiner kvikksølv har gitt yrkesskade. Dette er veldig viktig for tannhelsesekretærer spesielt, men også viktig for kvinner generelt, meiner Fagforbundet.

Kvikksølv

Tannhelsesekretærar jobb tidlegare direkte med kvikksølv. Kvinnene var utan beskytting då dei jobba med å varma og kna kvikksølv.

Foto: Arkiv

Spørsmålet om helseplagene til tannhelsesekretærar skuldast kvikksølveksponering blei desember 2012 behandla i Gulating lagmannsrett .

I går kom dommen frå lagmannsretten, som i sin dom slår fast at ein tannhelsesekretær som har vore utsett for kvikksølveksponering har fått yrkesskade.

Bertha Regine Serigstad

Bertha Regine Serigstad fekk medhald då saka hennar var oppe i Gulating lagmannsrett.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

Saka som var oppe i lagmannsretten handla om helseplagene 71 år gamle Bertha Regine Serigstad fekk etter å ha jobba som tannhelsesekretær. Det var Fagforbundet som førte saka på vegne av Serigstad.

– Viktig dom for alle i typiske kvinneyrker

Dommen frå Gulating lagmannsrett er ein viktig siger mot Staten og NAV, skriv Fagforbundet i ei pressemelding.

– Dette er den første saka, ført for dei vanlege domstolane, der me har fått gjennomslag for at arbeidet som tannhelsesekretær har vore helseskadeleg. Dette er ein viktig dom for Fagforbundet og tannhelsesekretærane, og for andre som jobbar i typiske kvinneyrker i Noreg, seier forbundsleiar Jan Davidsen.

Bertha Regine Serigstad si sak var i 2010 oppe i trygderetten, og september dette året blei dom avsagt i trygderetten, men ho fekk ikkje medhald.

Legg fleire vitneerklæringar til grunn

I dommen frå Gulating lagmannsrett blir det slått fast at arbeidet som tannhelsesekretær i perioden der det blei brukt mykje kvikksølv, har medført helseskadeleg arbeidsmiljø der nokon er blitt skadde.

Anne-Gry Rønning-Aaby

Advokat Anne-Gry Rønning-Aaby og Fagforbundet har engasjert seg og fører saka for Serigstad.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

– Lagmannsretten har lagt til grunn vitneforklaringane til store delar av det norske arbeidsmedisinske miljøet, og støttar opp om at langvarig kvikksølveksponering kan gi varig helseskade. Det seier advokat Anne-Gry Rønning-Aaby, som har ført saka for Fagforbundet, til NRK.

Eit par kvinner har vunne fram i trygderetten og fått medhald i at helseplagene deira skuldast kvikksølveksponering. Staten ville kort tid etter at ei ny sak skulle behandlast i trygderetten, ei sak som då skulle vera prinsippkjenning for slike saker.

– Der blei det sagt at for å få medhald i at helseplager skuldast kvikksølv skulle eit sett med kriterier vera oppfylte. Dette seier lagmannsretten at ikkje er nødvendig, seier Rønning-Aaby.

LES OGSÅ: Anker kvikksølvsakene til topps

Sjå video frå då NRK møtte Bertha Regine Serigstad i desember 2012:

Bertha Regine Serigstad nektes yrkesskadepenger etter å ha jobbet med kvikksølv som tannlegeassistent. Denne uken startet rettssaken.

Håpar staten ikkje vil anka

Anne-Gry Rønning-Aaby veit ikkje om staten vil anka saka vidare til Høgsterett.

– Viss staten ikkje ankar og lagmannsretten sin dom blir ståande kan ikkje prinsippkjenninga frå trygderetten lenger leggast til grunn ved behandling av slike saker, seier advokaten til Fagforbundet.

Fagforbundet har hatt rundt 160 saker der tidlegare tannhelsesekretærar søker erstatning for alvorlege helseplager.

– Me vil vidare følgja opp saka og dei andre sakene i lys av lagmannsretten. Me håpar staten legg dommen til grunn og at me får ei ny vurdering av alle saker.

– Dette er ein siger for kvinner. Dommen er viktig for tannhelsesekretærar, men også viktig for kvinner med yrkesskade, seier Anne-Gry Rønning-Aaby.