Hopp til innhold

– Ein varsla katastrofe å gjere Listhaug til justisminister

I Knut Arild Hareide sitt heimfylke er KrF-politikarane ikkje overraska over den manglande tilliten til justisministeren. – Statsministeren tok stor risiko.

Dag Inge Ulstein

MEINER LISTHAUG MÅ GÅ: Dag Inge Ulstein (KrF) er byråd for finans, innovasjon og eigedom i Bergen kommune, og blir av partileiar Knut Arild Hareide sett på som ein svært viktig mann for partiet si framtid. – Eg har snakka med mange unge, samfunnsengasjerte og verdibevisste KrF-arar som ønskjer Listhaug ut av regjering.

Foto: NRK

– Dersom ein ser på korleis Listhaug har opptredd tidlegare, var dette på mange vis ein varsla katastrofe, seier finansbyråd i Bergen, Dag Inge Ulstein (KrF).

Måndag vart det klart at Kristeleg Folkeparti sitt landsstyre ikkje har tillit til justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

– Vi oppfordrar statsministeren til å gjere det ho kan for å unngå ein mistillitssituasjon når saka skal opp i Stortinget tysdag. No ligg saka i Solberg sine hender, seier leiar i Hordaland KrF og sentralstyremedlem Dag Sele.

Men Ulstein, som blir rekna som ein kronprins i KrF, meiner Solberg sjølv tok stor risiko då ho utnemnde Sylvi Listhaug til ny justisminister i januar.

– Det er på mange måtar uforståeleg for oss at Solberg valde å gi Listhaug ein endå viktigare post, og eit endå tyngre departement, enn ho hadde tidlegare. KrF kan ikkje ta ansvar for fylgjene av vala til statsministeren, seier Ulstein.

– Dropen i eit allereie fullt beger

Sele håpar statsministeren no ser alvoret i situasjonen og tek ansvar.

– Utover det har vi gitt våre råd til stortingsgruppa vår, seier leiaren i Hordaland KrF.

Var denne saka dropen som fekk begeret til å renne over?

– Eg trur det er eit godt bilete. Dette handlar ikkje berre om den siste Facebook-posten, men ein retorikk som over tid har vist at Listhaug nokså bevisst appellerer til framandfrykt og til dels hatefulle haldningar. No kom det ein ekstra tydeleg Facebook-post, som nok kan skildrast som dropen i eit allereie fullt beger, seier Sele.

IKKJE TILLIT: KrF-leiar Knut Arild Hareide møtte pressa etter partiet sitt landsstyremøte måndag.

Håpar å unngå mistillit

Ordførar i Osterøy kommune, Jarle Skeidsvoll (KrF), trur begeret lenge har vore fullt for mange KrF-politikarar.

– Denne saka har ikkje endra mi innstilling til Listhaug, men understreka avstanden mellom det eg står for og det Listhaug uttrykker. Det er ikkje ein ny refleksjon frå mi side.

Skeidsvoll vil ikkje forskottere kva som kan skje, dersom statsministeren ikkje endrar på Listhaug si rolle innan tysdag.

– Vi veit jo ikkje kva statsministeren vel å gjere no.

Jarle Skeidsvoll

SPENT: Jarle Skeidsvoll (KrF) er spent på kva som skjer før Stortinget skal diskutere mistillitsforslaget på tysdag.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) fortel at ho har fått mange innspel og tilbakemeldingar på situasjonen dei siste dagane.

– Eg er glad for at KrF med partileiar i spissen ynskjer anstendigheit i debatt og politikk. Det er stor forskjell på tilgjeving og tillit. Eg håpar framleis at statsministeren kjem med ei løysing slik at ein unngår mistillitsdebatt på tysdag, seier Byrknes.

– Uansett kva som skjer, skal det norske folk vere heilt sikker på at KrF er trygt plassert i sentrum av norsk politikk, og eit parti som til ei kvar tid vågar å stå opp for det vi meiner er rett, seier Ulstein.