NRK Meny
Normal

– Ein vanvittig bragd av Brann

– Det er ein heilt utruleg prestasjon at Brann er tilbake i toppen av eliteserien, meiner NRKs fotballekspert. Han trur at «sølvet skal hem».

brann

JUBEL: Brann har vore solide på heimebane i år. Her jublar spelarane over siger mot Start på heimebane tidlegare i sesongen. Det var også siger mot Start som sikra medalje førre søndag.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Brann lei nærast totalhavari under trenar Rikard Norling, då dei rykka ned i 1. divisjon til 2015-sesongen.

Med ny trenar spelte dei seg tilbake i eliteserien i fjor. Nå er Brann uansett sikra bronsemedalje.

– Å ta sølv som nyopprykka lag er veldig sterkt. All ære til Brann, dei har gjort mykje rett, mot alle odds, seier fotballekspert Karl Petter Løken.

  • Sjå bilete av reisa frå nedrykk til medaljekamp:
Gå til forsiden

Brann fra nedrykk til sølvkamp

Brann - Hødd. Hødd vann, brann rykka opp.

Brann fra nedrykk til sølvkamp

7 bilder

    Les også:

    – Ikkje i vår villaste fantasi

    – Det ser veldig bra ut, med mykje humør og energi og låge skuldrer i laget. Me har hatt eit enormt press sidan nedrykket. I år er det eit positivt press, seier sportsleg leiar i Brann Rune Soltvedt.

    Rune Soltvedt, sportsleg leiar i Brann

    OPPTUR: Sportsleg leiar Rune Soltvedt seier både sølv og bronse betyr ein enorm opptur.

    Foto: Leif Rune Løland, NRK

    – Blir bronse eit nederlag?

    – Slett ikkje. Me går for sølv, men medalje er ein enorm opptur. Me kunne ikkje i vår villaste fantasi tenkt at me skulle ta medalje i år, seier Rune Soltvedt.

    • Brann har tatt fire sølv tidlegare, her får du eit tilbakeblikk:
    VIDEO: Søndag avgjøres medaljekampen i eliteserien. Her er et tilbakeblikk på Branns tidligere sølvmedaljer.

    SØLV: Brann sølv i 1975, 1997, 2000 og 2006.

    Solide på heimebane

    På heimebane har Brann i år berre sleppt inn fem mål, og hatt ti sigrar, tre uavgjort og eitt tap.

    – Den heimestatistikken er heilt utruleg, I nyare tid klarer eg ikkje å hugsa tilsvarande snuoperasjon i norsk fotball. seier Løken.

    I mai 2015 var Brann på 26.-plass i norsk fotball. No ligg dei an til 2.-plassen.

    – Det siste halvanna året har vore ein vanvitig bragd. Det har vore ei gøyal reise, etter at me var langt nede. seier leiar Roger Lillebøe-Hansen i supporterklubben Bataljonen.

    – Å samlast i botn gav resultat?

    – Brann hadde kanskje godt av eit nedrykk, der me måtte snu alle steinar og byrja på nytt. No har leinga klart å byggja ein audmjuk vinnarkultur.

    Roger Lillebøe-Hansen

    BATALJONEN: Roger Lillebøe-Hansen er leiar i supporterklubben.

    Foto: NRK

    – Kor langt kan klubben nå no når ein også skal ut i Europa?

    – Det vert gull på alle frontar! Nei da, me må vere litt edruelege. Husk på kor me var for eit år sidan. Men no er det ein profesjonalitet, eit ønskje og ein vilje til å jobbe knallhardt for å gav de gradene som trengst. Då trur eg at me skal få det til, seier Lillebøe-Hansen.

    Siste video

    Programleder: Mariann Reikerås
    Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
    Slik ser det ut i våre nye lokaler.