Hopp til innhold

– Ein vanskeleg start for Ekstremsportveko

Ekstremsportveko 2012 startar på Voss i dag. - Hendinga laurdag pregar oss, seier leiinga.

Redningsaksjon på Voss

Ein 20 år gammal mann er sakna etter at han fall ut av kajakken sin i Raundalselva på Voss laurdag. Store styrkar søker søndag etter mannen.

Foto: Arnstein Karlsen

Ein 20 år gammal kajakkpadlar er sakna på Voss, etter at han laurdag fall ut av kajakken sin og blei tatt med straumen nedover Raundalselva .

20-åringen var på padletur saman med tre kameratar då dette skjedde. Turen var ikkje i regi av Ekstremsportveko, som startar i dag, men Ekstremsportveko er naturlegvis prega av det som har skjedd.

Sjansane for å finna padlaren i live no er veldig små. Vår medfølelse går til familien, venner og andre som er berørte, skriv Ekstremsportveko i ei pressemelding søndag.

Blir arrangert som planlagt

Det viktigaste no er å ta vare på dei som er berørte. Eit kriseteam er oppretta for å ta vare på dei tre som var saman med kajakkpadlaren då han forsvann, står det i pressemeldinga.

Kajakkmiljøet på Voss er strekt prega av hendinga, men har blitt einig med Ekstremsportveko om å arranger aktivitetar som planlagt. Utøvarane meiner at dette er viktig.

– Kajakkmiljøet på Voss er sterkt prega av hendinga. Våre tankar går til padlaren sin familie og vennene hans som var saman med han i elva denne dagen, seier leiar Dag Sandvik i Voss Kajakklubb.

– Så normalt som mogleg

Raundalselva, der 20-åringen fall ut av kajakken, blir ikkje brukt under Ekstremsportveko.

– Dette er heilt klart ein veldig vanskeleg start for Ekstremsportveko 2012, men festivalen vil bli arrangert så normalt som mogleg, seier leiar Sofie Torlei Olsen.