Hopp til innhold

– Ein omtenksam person som likte jakt, fiske og turar i bubilen

Odd Geir Turøy sat i helikopteret over heimstaden då ulukka skjedde.

gravferd

FULLT: Blomvåg kyrkje var fylt til rand då Odd Geir Turøy vart gravlagd.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE

Blomvåg kyrkje var fylt til siste benk i dag. Eit sorgtungt lokalmiljø tok farvel med Odd Geir Turøy.

54-åringen var tilsett i Aker Solutions og var på veg heim frå Gullfaks-feltet 29. april då den fatale ulukka skjedde.

Stor familie

Like over Turøy, der Odd Geir Turøys barndomsheim står, mista helikopteret hovedrotoren. Det fall ned, trefte ein holme, og alle dei 13 om bord omkom. Norges verste helikopterulukke på nesten 30 år var eit faktum.

Han etterlet seg kone, tre vaksne døtrer og barnebarn.

På minnesida til Odd Geir Turøy skriv den næraste familien at dei stod og venta på Flesland ulukkesdagen.

Odd Geir Turøy

OMKOM: Odd Geir Turøy (54).

Foto: Privat

«Du kom aldri ut den døra du alltid pleide komme smilende ut av. Du døde så brått og uventa frå oss i den tragiske helikopterulykka på Turøy. På Turøy der du er født og oppvokst skulle også vise seg å bli din siste», skriv familien.

Fekk telefon på Flesland

Medan Anny Turøy stod på Flesland, reagerte ho på at helikopteret var 15 minutt forseinka. Ei veninne ringde henne og sa: «Har du høyrd at det har styrta eit helikopter ved Turøy?» Då skjønte ho at det måtte vere det same helikopteret, fortalde sogneprest Espen Sigve Tveten i minnetalen.

Han teikna eit bilde av ein veldig godt likt og omtenksam person som likte jakt, fiske og reise på turar i bubilen.

Fullsatt Blomvåg kirke

FULLSETT KYRKJE: Blomvåg kyrkje var fylt til siste benk i dag.

Foto: Oddgeir Øystese

Turøy og kona var gift i 28 år.

Senior vice president Linda Aase i Aker Solutions sa i minnetalen sin at det går djupt inn på verksemda. Ho sa dei vil gjere alt for å hjelpe dei pårørande. Frå talerstolen skildra ho ein kollega som var likt av alle, ein fagmann som var grundig og hadde god arbeidsmoral. Han vil bli sårt sakna.

Fredag blir Olav Bastiansen bisett i Søreide kirke i Bergen, den siste av dei ni frå Hordaland som omkom.