Hopp til innhold

– Ein milepæl for å nå klimamåla

Statoil ønskar å byggja eit mottaksanlegg for CO2 på Kollsnes i Øygarden kommune. – Ein stor dag for kommunen og for internasjonalt klimaarbeid, meiner ordføraren.

Naturgassparken CCB Kollsnes i Øygarden

KARBONFANGST: CCB Kollsnes i Naturgassparken i Øygarden kan bli mottaksanlegg for CO2 frå norsk industri før klimagassen går i røyr til under havbotnen.

Foto: Øygarden kommune

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Statoil har fått oppdraget med å undersøka kor ein kan etablera mottaksanlegg for CO2 i Noreg. Torsdag kveld blei det klart at valet fall på Naturgassparken, som er eigd av Øygarden kommune og CCB Kollsnes. Derfrå skal gassen bli send i røyr ut på havet og injiserast 1.000-2.000 meter under havbotnen.

– Dette er basert på ei helskapleg vurdering av mellom anna tryggleik, tekniske og kommersielle forhold, kostnadar og moglegheitene for utvidingar, seier prosjektdirektør Sverre Overå i Statoil.

I Øygarden ligg også Statoil sitt prosessanlegg for gass som sender norsk gass i røyr til Storbritannia. Men det planlagde mottaksanlegget .

Frå Austlandet til Troll

På sikt vil norske styremakter fanga CO2 frå industrianlegg på Austlandet og transportera det med skip til eit mottaksanlegg.

Frå Kollsnes er det meininga at røyret vil gå til Smeaheia, aust for Troll-feltet.

Statoil blei i juni 2017 tildelt oppdraget med å gjennomføra konsept- og forprosjektstudier.

Men føresetnaden er at Stortinget vedtar byggestart for landanlegget og øvrige delar av fullskalaprosjektet. Saka skal etter planen behandlast av Stortinget i 2019.

Milliardinvestering

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) gratulerer Øygarden kommune, og seier det potensielt er snakk om store investeringar og mange arbeidsplassar.

– Moglegheitsstudien viser at me snakkar om investeringer i storleiken 8–12 milliarder kroner, seier han til Bergens Tidende.

Beløpet inkluderer alt frå fangstanlegga ved industrianlegg på Austlandet, skipstransporten til Kollsnes, mottaket der, og røyra ut til endeleg lagringsstad.

Haugetun

MILEPÆL: Ordførar Børge Haugetun (TVØ) meiner tilrådinga frå Statoil er viktig for Øygarden kommune og ein milepæl for den norske satsinga på karbonfangst og lagring.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Øygardenordføraren peikar på at dette prosjektet er viktig internasjonalt for å visa veg for karbonfangst som gjer at verda kan nå klimamåla.

– Og for Øygarden kommune er dette ei veldig viktig nyheit, seier ordførar Børge Haugetun (TVØ) til NRK.

Øygarden, Sund og Fjell kommunar blir slått saman til Øygarden kommune i 2020.

– Den nye kommunen ønskar å bli eit fyrtårn innanfor teknologi. Med karbonfangstanlegget blir me langt framme på grøn teknologi. Det blir arbeidsplassar knytta til det, og det blir over tid eit betydeleg potensiale for miljøvennleg industri i kjølvatnet av dette anlegget.

Men han peikar på at økonomien i prosjektet er uviss.

– Det er få land som har karbonprising nå, så det er små marginar i økonomien for drifta av eit slikt prosjekt. Økonomien må vera berekraftig får å få realisert det. Men i så fall kan det opna for spennande industriutvikling ved sida av eit slikt anlegg.

– Kor sannsynleg er det at prosjektet blir gjennomført?

– Det har blitt jobba lenge med. Det er eit satsingsområde for regjeringa, og ein har tatt lærdom av testanlegget på Mongstad, så eg har tru på at det blir realisert. Uansett er dette ein stor dag for nye Øygarden kommune og ein milepæl for den norske satsinga på karbonfangst og lagring, seier Haugetun.