NRK Meny
Normal

– Ein kan ikkje unngå å merka engasjementet

Bråket rundt namnevalet «Vestlandet» stoppar ikkje vedtaket som blei gjort med 82 av 88 stemmer. – Det er jo nesten samrøystes, og då er det min jobb å fronte valet.

Anne Gine Hestetun

REAGERER: Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, synest det er rart at folk engasjerer seg i namnedebatten først no.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland har måtta stå skulerett mot ei rekkje kritikarar etter at det blei avgjort at samanslåingsfylket i vest fekk namnet «Vestlandet» sist fredag.

Næringslivet ut mot «Vestlandet» medan Språkrådet heller foreslår Bjørgvin, Bergenhus eller Gula.

– Det er klart at eg merkar engasjementet. Det er ikkje til å unngå, seier Hestetun.

Det ho ikkje forstår er kvifor diskusjonen kjem no når vedtaket er gjort.

– Eg forstår at dette kan medføra ein del diskusjon, og vi må ha respekt for ulike meiningar, men eg hadde jo kanskje venta at den kom litt før. Dette har vore kjend i to år, så det var jo absolutt i 12. time. Og vel så det, seier ho.

Opnar for å fjerne to bokstavar

Det var fylkestinget i Sogn og Fjordane og fylkestinget i Hordaland som vedtok namnet. Og det med overveldande fleirtal. Til saman er det 88 representantar i dei to fylkestinga. 82 stemte for «Vestlandet».

– Det er jo nesten samrøystes. Og grunnen til det trur eg er fordi det er eit forslag som har legitimitet, og som ein på tvers syns er godt. Og då er det min jobb som fylkesordførar å fronta det som fylkestinget har kome fram til, seier Hestetun.

– Eg syns det er eit godt namn. Men så er det nokre nyansar i «Vestlandet» eller «Vestland», seier ho, og opnar dermed for å fjerne to bokstavar i landsdelen.

Valet av Vestlandet som namn på det nye fylket som består av Hordaland og Vestlandet skapar reaksjonar.

Hestetun får kraftig motstand frå ålesundar Terje Medvold, som meiner vedtaket enkelt kan gjerast om.

«Vestland» har vore diskutert

Jenny Følling reagerer på forslag ny fordeling av rasmidlar.

OPNAR FOR FÆRRE BOKSTAVAR: – I vedtaket har vi opna for at både «Vestlandet» og «Vestland» kan vere aktuelle, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Også fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling er positiv til å fjerne to bokstavar.

– Om namnet skulle skrivast i bunden eller ubunden form var ein del av diskusjonen i fylkestinget vårt. I vedtaket har vi opna for at både «Vestlandet» og «Vestland» kan vere aktuelle.

Også ho reagerer på at engasjementet kjem først no.

– Diskusjonen kjem jo først når vi stadfestar det som vi allereie har gjort eit vedtak på, seier ho.

Følling fortel at namnet er bestemt, og at det er dette dei tek utgangspunkt i vidare.

– Vedtaket er gjort, og det er dette namnet som er aktuelt. Likevel kan vi framleis diskutere forma, seier ho.

– Eit sjeldan uklokt politisk arbeid

Sosialistisk venstreparti sine tre representantar i fylkestinget i Hordaland var mellom dei få som stemde mot namnet. Aud Karin Oen gjekk på talarstolen og ville ha namnevedtaket utsett.

– Det var eit sjeldan uklokt politisk arbeid som blei gjort. Det var jo ingenting som hasta, seier Oen, som meiner motstanden etter vedtaket viser kor i utakt politikarane er med folket.

– Eg sa frå talarstolen at det var uklokt å velja eit slikt namn når berre to av fylka på vestlandet er med. I alle fall dersom ein tenkjer å halda døra open for dei to andre fylka i framtida, seier Oen.

Det er stortinget som skal endeleg avgjera kva storfylket på vestlandet skal heite. Der skal også Språkrådet si meining kome fram.

Språkrådet likar ikkje «Vestlandet»:

Kva seier ekspertane om "Vestlandet"? Direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, svarar.