Hopp til innhold

– Ein historisk dag i Fjæra

3,5 millionar lakseegg har no flytta inn i bygda med berre seks innbyggjarar.

Rogn

SKAL BLI SMOLT: Dei første lakseegga er på plass i eit av dei mest moderne smoltanlegga i Noreg.

Foto: TALE HAUSO / NRK

Fredag kom dei første lakseegga på plass i Marine Harvest sitt nye smoltanlegg i Fjæra i Etne kommune. Dermed har bygda med berre seks innbyggjarar fått 3,5 millionar nye individ.

Smoltanlegget inst i Åkrafjorden er eit av dei største i Noreg, og anlegget er den fyrste næringsetableringa på mange tiår i bygda.

Lars Håkon Sandvoll

FORNØGD: Driftsleiar lars Håkon Sandvold er glad for smoltanlegget, som er den fyrste næringsetableringa i bygda på mange tiår.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Tidlegare var Fjæra prega av fråflytting, seier Lars Håkon Sandvold. Han er driftsleiar i Marine Harvest Fjæra.

– Her var lite ungdommar som slo seg til. Så kjem det eit gigantanlegg som dette inn. Det gjer arbeidsplassar og investeringar, seier Sandvold.

Anlegget skal det produserast smolt til selskapet sine sjøanlegg i Hordaland, Rogaland og Agder.

14 personar arbeidar no på anlegget, som framleis ikkje er ferdigstilt. Byggearbeidet går føre seg enno, og anlegget vil bli tatt fult i bruk i løpet av vinteren.

Lars Håkon Sandvold, driftsleiar i Marine Harvest Fjæra.

GIR ARBEIDSPLASSAR: 14 personar arbeidar no på anlegget.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Moglegheiter for framtida

Klekkeriet har kapasitet til 7,5 millionar smolt, og vil auke produksjonen gradvis.

Egga som vart sett inn fredag skal no klekkast og veks til smolt før dei vert sett ut i sjøen i august neste år.

Dette er det mest moderne settefiskanlegget i landet.

– Me kjøper mykje tenester, så det gjer moglegheiter for mange i framtida, seier Sandvold.

Fjaera