NRK Meny
Normal

– Ei skam at Naturhistorisk museum står tomt

Det er ikkje løyva pengar i budsjettet til vidare rehabilitering av Dei naturhistoriske samlingar ved Universitetet i Bergen. Onsdag kveld hadde fleire møtt opp på Museumsplassen for å demonstrera mot avgjerda.

Naturhistorisk museum

FORTVILA: Folka som hadde møtt opp utanfor Naturhistorisk museum synest det er leit at ein ikkje har pengar til å halde fram med oppussinga.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Måndag la regjeringa fram revidert budsjett, og der var det ikkje sett av pengar til vidare oppussinga av Naturhistorisk museum i Bergen.

NRK kunne i fjor haust skrive om korleis oppussinga vart stoppa grunna mangel på pengar.

Museologistudent Gita-Govinda Frimannslund Storegjerde var initiativtakaren bak demonstrasjonen, og opna det heile med parolane «Livslang læring» og «Frå museum til mausoleum». Rundt 50 personar hadde møtt opp for å visa sin støtte, og blant desse haldt også fleire appell.

Trist for barna

Tidlegare direktør for Gamle Bergen Museum, Tryggve Fett, synest det er tragisk at museet er stengt på ubestemt tid. Han hadde ein far som jobba ved museet og brukte mykje tid der.

Trygve Fett

Tryggve Fett

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Eg har i stor grad vakse opp på denne institusjonen. Nettopp det å ha opplevd dette som barn, alle desse merkelege tinga som vi berre halvvegs forstod kva var. Det har gitt meg veldig mykje, og eg vil veldig gjerne at barn og barnebarn skal får det same, seier Fett.

Han forstår ikkje at politikarane kan la institusjonen stå slik utan å vera i bruk på ubestemt tid.

– Det er fullstendig håplaust å ikkje halda fram med oppussinga slik at vi kan få eit oppegåande museum. Det er rett og slett sløsing av dimensjonar å la dette stå tomt.

– Utruleg synd

Johanne Vaagland, påtroppande leiar ved Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen synast det er synd at det unge ikkje får lov å nytta seg av museet.

Johanne Vaagland

Johanne Vaagland

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Museet er ein stor del av Universitetet i Bergen. Museet jo ein del av det som var med på å grunnlegge universitetet som universitet, slik som det er i dag. At universitetet er ope og tilgjengeleg for alle, for skuleklassar og barnehagar er svært viktig, seier Vaagland.

Ho trur museet opnar dører for vidare studium ved Universitetet.

– Den verste konsekvensen er at ein ikkje få vist det fram for framtidige studentar og elevar som har lyst til å gå her vidare. Då får ein jo sjå universitetet i staden for berre å høyra om det.

Vil løyva pengar

Linn Kristin Engø

Linn Kristin Engø i Ap seier paritet ønskjer å løyva pengar til neste steg i rehabiliteringa.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Linn Kristin Engø i Arbeidarpartiet seier at dei no ønskjer å føreslå å løyva 4 millionar kroner til prosjektet. Det skal vera nok til oppstart av fase to i oppussingsprosjektet,

– Me vil foreslå dette i alternativt revidert nasjonalbudsjett. Å ikkje løyva pengar vil gjere kostnadane ved rehabiliteringen mellom 18–20 millionar dyrare og me risikerer å mista delar av eit viktig fagmiljø. Det er uansvarleg og eg håpar Høgre og Framstegspartiet tar til fornuft.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.