Hopp til innhold

– Ei regjeringskrise vil bety slutten for KrF

BERGEN (NRK): Kristenkonservative fryktar for Kristeleg Folkeparti si framtid, dersom partiet stemmer fram ei regjeringskrise i Stortinget tysdag.

Anita Apelthun Sæle

– FORSTÅR INGENTING: Den mangeårige KrF-politikaren Anita Apelthun Sæle meiner ei regjeringskrise vil vere uforståeleg for mange KrF-veljarar.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

– Det blir katastrofe viss ein kastar regjeringa. For KrF, og for borgarleg samarbeid og regjeringa, seier Anita Apelthun Sæle.

KrF-politikaren som sat tre periodar på Stortinget for KrF i Hordaland, driv i dag den kristenkonservative vekeavisa Norge IDAG saman med mannen Finn Jarle Sæle.

No fryktar heile redaksjonen deira resultatet, etter at Stortinget tysdag føremiddag skal stemme over eit mistillitsforslag mot justisminister Sylvi Listhaug (Frp) – ei avstemming som kan ende med regjeringskrise.

Forutan KrF, har alle opposisjonspartia gjort det klart at dei vil stemme for mistillit, også etter eit eventuelt kabinettspørsmål frå statsminister Erna Solberg (H).

– Mange av KrF-veljarane forstår ingenting viss ein no kastar regjeringa, seier Sæle.

– Eit «chicken race»

– Det er mykje frustrasjon ute og går no, slår Sæle fast.

Ho får støtte frå redaktøren i avisa, Bjarte Ystebø. Han meiner vi no er vitne til eit såkalla «chicken race» mellom KrF-leiar Knut Arild Hareide og statsminister Erna Solberg.

– Det er som to bilar i ein amerikansk film som køyrer mot kvarandre. Eg er spent på kven som vil vike først. KrF kjem nok til å køyre denne saka heilt inn til stortingsdebatten, seier Ystebø.

Bjarte Ystebø

FRYKTAR KONSEKVENSANE: Bjarte Ystebø i vekeavisa Norge IDAG seier det vil vere risikabelt for KrF å stemme fram ei regjeringskrise. – Vi har hatt tilsvarande regjeringskriser på gasskraftverk og på Kings Bay-ulukka. No skal vi få det på ein Facebook-post. Det trur eg historia vil dømme oss hardt for.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

– Kva trur du utfallet i Stortinget blir?

– Det har vel sjeldnare vore vanskelegare å spå. Men viss eg må tippe trur eg at sjølv om det aldri har vore dårlegare sikt frå Oslo-tåka og bort til Vestlandet, der mange av KrF sine veljarar er, så forstår dei såpass om kva veljarane vil ha at dei ikkje kastar denne regjeringa. Sju av ti KrF-veljarar ville ha Solberg som statsminister før valet, seier Ystebø.

– Viss KrF stemmer fram ei regjeringskrise, vil dei gå frå å vere like over sperregrensa til å vere langt under.

– Takk og farvel

Ystebø meiner dagens debatt og stemmegiving i Stortinget kan få dramatiske konsekvensar for KrF.

– Viss dei likevel går til Venstre og set inn Jonas Gahr Støre som statsminister, eller i verste fall går inn i ei slik regjering, trur eg det er takk og farvel til KrF som eit riksdekkande parti i Noreg allereie ved neste stortingsval.

Finn Jarle Sæle

REDAKTØR: Sjefredaktør i Norge IDAG, Finn Jarle Sæle.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

– Dette er veldig risikabelt, og eg synest dei skal sanse seg. Hareide gjekk til val på ei regjering utan Listhaug. No har han fått anledning til å levere på valløftet, men det synest eg ikkje han bør. Listhaug har gitt dei den beklaginga dei bad om. Då må dei vere tilfreds med det, seier Ystebø.

Finn Jarle Sæle, som er sjefredaktør i Norge IDAG, meiner dagens krise er ei gyllen anledning for KrF til å gå inn i regjeringa.

– Eit forslag til løysing er å gi tre statsrådar til KrF: Ein ny effektiviseringsminister, ein landbruksminister og ein flyktningminister som tek seg av asylsaker. Då er problemet løyst, og Listhaug kan jobba vidare med beredskap og innvandring, seier Sæle.