Hopp til innhold

Skuldar byrådet for kortsiktig profittjakt

– Byrådet i Bergen sitt jag etter raske inntekter var grunnen til at BKK si fibersatsing vart stoppa, seier tidlegare Høgre-ordførar i Masfjorden, Håkon Matre.

Håkon Matre

KJEMPAR FOR BREIBAND: Tidlegare Høgre-ordførar i Masfjorden, Håkon Matre, reagerer på at fibersatsinga til Byrådet i Bergen vart stogga.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Saman med kommunane rundt kjempa han for å halda fram fibersatsinga. Men i 2009 bremsa Byrådet i Bergen og Statkraft likevel BKK si satsing. Dette trass i at dei 16 eigarkommunane rundt Bergen og leiinga i BKK alle ville halde fram med å bygga fibernett til privatkundar.

– Det var kortsiktig utbytegevinst som var i fokus for dei som pressa sterkast på for å få stogga den utbygginga, seier Matre.

Oddvar Nilsen

IKKJE URIMELEG: At eigarane tek ut ei viss avkasting er langt frå urimeleg, meiner styreleiar i BKK, Oddvar Nilsen.

Foto: Sølve Rydland / NRK
– Ikkje urimeleg utbyte

I går fortalde NRK at Rogalandsbaserte Lyse lovar god avkasting til sine eigarkommunar etter å ha bygd ut det beste fibertilbodet i landet.

BKK i Bergen

STOPP: Medan Lyse har bygt ut det beste fibertilbodet i landet, sette byrådet ein stoppar for BKK si planlagte utbygging.

Foto: Simen Sunfjord Otterlei / NRK

Frå og med 2009 har eigarane tatt ut 5,5 milliardar i utbyte frå BKK. Halvparten har gått ut av Hordaland til Statkraft, som er den største eigaren av BKK. I same periode har Lyse sine eigarar henta ut 1,7 milliardar, men samstundes bygd fibernett i stor skala.

Noverande styreleiar i BKK, Oddvar Nilsen (H), meiner det ikkje er urimeleg at BKK-eigarane har prioritert utbyte.

– Desse eigarane har plassert betydelege verdiar i BKK og sjølv har dei krav på ei viss avkasting. Desse pengane går inn i kommunekassen og går til sjukeheimsplassar, barnehagar og skule, som er høgst prisverdige føremål, seier Nilsen.

Vil ikkje subsidiere fibernett i distrikta

At små og store eigarkommunar har ulike interesser, er naturleg, meiner finansbyråd i Bergen, Liv Røssland (Frp).

Liv Røssland

NATURLEG MED FORSKJELL: Finansbyråd i Bergen, Liv Røssland, ser ingen grunn til at Bergen kommune skal subsidiere fiberutbygging i distrikta.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er forskjell på å eksponere seg for risiko når ein eig 37,75 prosent av eit selskap, og det å eige under ein prosent. At vi skulle subsidiere ei fiberutbygging i distrikta ser eg ingen grunn til, seier byråden.

– Ville gitt avkasting

Men den tidlegare ordføraren i Masfjorden meiner òg Bergen ville ha tent på vidare utbygging.

– Eg var overbevist om det den gongen, om ein berre såg langt nok. Det har ein vel sett døme på andre stader, seier Matre.

– Skal ein byggje ut i distrikta så er det nesten berre lokale kraftselskap som er i stand til å gjere det på ein måte som kan gi økonomi.