– Ei «fråværsfelle»

Fråværet i vidaregåande skule har gått ned, men kravet om maks 15 prosent fråvær rammar elevar som slit på skulen, meiner Elevorganisasjonen. Over halvparten av elevane som har mista karakterar i fag, har gjort det på grunn av fråværsgrensa. – Dette er alvorlege tal. Fråværsgrensa har blitt ei «fråværsfelle», seier fylkesleiar Sanne Torsvik i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Sanne Torsvik
Foto: Sølve Rydland / NRK