Hopp til innhold

– Eg har ikkje blitt lytta til

Liv Røssland (Frp) går av som finansbyråd i Bergen. – Ingen av varslingane eg har sendt ut om kommunen sin dårlege økonomi er blitt lytta til.

Liv Røssland og Martin Smith-Sivertsen under pressekonferanse der Røssland gjekk av

GÅR AV: Liv Røssland (Frp) forklarte kvifor ho trekkjer seg som finansbyråd på ein pressekonferanse i føremiddag. Her med byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

På ein pressekonferanse på rådhuset i Bergen, bekrefta byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) at Liv Røssland går av som finansbyråd i Bergen.

– Det er både vemodig og også uheldig at Røssland trekker seg fordi ho er ein av dei med lengst erfaring i bergenspolitikken, sa Smith-Sivertsen til presseoppbodet i fjortande etasje på rådhuset.

– Det er samstundes ei avgjerd eg har full respekt for, la han til før Røssland forklara for årsaka til sin avgang.

– Situasjonen er alvorleg

Røssland bekreftar at resultatet i torsdagens bystyremøtet er årsaka til at ho har fått nok.

– Etter bystyret sitt vedtak i saka som sal av Bergen tomteselskap, så var eg nøydd til å gå nokre rundar for å finne ut om det er forståing for Bergen kommune sin økonomi.

– Det som skjedde i bystyret viser at ingen av varsellampene eg har formidla og sakene eg har skrive om den økonomiske situasjonen og det vanskelege farvatnet som Bergen no er inne, blir lytta til.

Oddny Miljeteig og Liv Røssland

Oddny Miljeteig, gruppeleiar for SV, gir Røssland ein blomster og ein klem etter avgangen i dag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Økonomien i Bergen er alt anna enn god for tida og kommunen må truleg selja eigedom for å klara å balansera økonomien. Men eit snarleg sal av Bergen tomteselskap fekk ikkje gjennomslag i bystyret torsdag og saka er utsett.

Det har gjort Røssland opprørt.

– Då er det mitt ansvar som finansbyråd å gi beskjed om at eg trekker meg. Eg kan ikkje vise det på ein meir alvorleg måte enn dette, sa Røssland som var tydeleg prega.

Frustrasjon

Ho har vore politikar i Bergen i 24 år, og sat som helsebyråd frå 2007 og som finansbyråd frå 2010.

På pressekonferanse forklarte ho korleis det var å innføre eigedomsskatt i Bergen igjen, på grunn av den alvorlege økonomiske situasjonen i kommunen.

– Det er noko av det tøffaste eg har gjort nokosinne.

Røssland har tatt mykje av støyten for at parti som Frp og Høgre innførte skatten igjen. I saka om sal av Bergen tomteselskap skal ho føla seg motarbeidd av byrådet sine eigne partigrupper i bystyret.

Ville ikkje kommentera intern konflikt

Kommunen må gjera vesentlege grep før sommaren for å unngå at kommunen går med underskot i 2015.

Spesielt frustrert er Røssland vera over gruppeleiar Dag Skansen (H), som skal vera den som fekk bystyret med seg på ei utsetjing av salet av tomteselskapet.

I staden for at byrådet fekk fullmakt til å selja selskapet og få sårt tiltrengte millionar i kassen, fekk bystyret inn eit punkt om at byrådet må komma tilbake med meir informasjon undervegs i salsprosessen.

– Eg blir til dei grader motarbeidd av gruppeleiaren til Høgre, som aktivt jobbar mot dette og set byrådets plattform til sides, seier Røssland til NRK, tydeleg opprørt.

Ovanfor NRK nektar Skansen for skuldingane.

– Eg har vore eit sal av tomteselskapet. Eg kjenner meg ikkje att i påstanden om at eg har motarbeidd Røssland. Eg har jobba med saka nettopp med det formål å få eit fleirtal for sal av selskapet i bystyret, svarar Skansen.