Hopp til innhold

- Eg må ete nugatti for å halde på vekta

Kreftsjuke Helge Bjørnsen har på to veker gått ned ni kilo i vekt. Han er berre ein av mange pasientar som rasar ned i vekt på norske sjukehus.

Helge Bjørnsen

GÅTT NED NI KILO: Helge Bjørnsen er innlagt med kreft i matrøyret. Han har gått ned nærmare ni kilo på to veker.

Foto: Siri Løken

– Eg ser rundt meg her og det er mange som slit med matinntaket, seier pasient Helge Bjørnsen medan han sit i etesalen på Haukeland universitetssjukehus.

Bjørnsen fekk i vinter påvist kreft i matrøyret.

På Haukeland sjukehus får Stavanger-mannen strålebehandling og cellegift. Det går ut over appetitten. På to veker han gått ned nærmare ni kilo, og er nesten ikkje til å kjenne att.

– Den store matgleda finst ikkje lenger. Eg lurer på kven den gamle mannen er, for eg kjenner ikkje kroppen min igjen, seier Bjørnsen.

Pasientar rasar ned i vekt

Randi Julie Tangvik

FORSKA: Randi Tangvik, klinisk ernæringsfysiolog på Haukeland sjukehus, har forska på kor mange pasientar som går ned i vekt under sjukehusopphaldet.

Foto: Helse Bergen

Ei nyleg forsking i Bergen viser at pasientar i alle aldrar rasar ned i vekt på norske sjukehus.

Av alle pasientar på Haukeland er 30 prosent i fare for å gå betydeleg ned i vekt. For fleire er vekttapet dramatisk. Desse pasientane har nesten fem gonger høgare døyelegheit, og er dobbelt så lenge innlagt.

– Det er veldig alvorleg, og det er veldig oppsiktsvekkande at vi ikkje klarer å ta hand om ernæringstilstand til pasientane og sjuke folk, seier forskar og ernæringsfysiolog Randi Tangvik.

Vanskeleg å få i seg mat

– For at eg skal klare å halde på vekta, så må eg faktisk ete nugatti, seier Bjørnson.

Han går både på stråling og cellegift, og har det vanskeleg med å ete nok.

– No blir det tyngre og tyngre å få i seg mat. Eg må bruke meir tid og pusteteknikkar når eg et, og eg klarer nok berre å ete halvparten av det eit normalt menneske klarer, seier Bjørnsen.