Hopp til innhold

– Eg er ei enkel jente frå Øygarden

Ho er Brann sin nye daglege leiar fram til ein ny er på plass. – Brann treng at eg gjer den jobben no, seier Vibeke Johannesen.

Vibeke Johannesen

«ENKEL JENTE»: Vibeke Johannesen er den nye daglege leiaren til Brann, fram til ein ny er på plass, og ho beskriv seg sjølv som «ei enkel jente frå Øygarden». Ho er klar for å jobbe hardt for Brann.

Foto: BRANN.NO

Det er rett og slett berre å byrje å jobbe. Me er nøydde til det, for me jobbar for Bergen sin stoltheit.

Vibeke Johannesen

Roald Bruun-Hanssen valde å trekke seg, måtte ein ny leiar inn, og valet fall på Vibeke Johannesen.

– Me har ein regel i Brann, og den er at viss me tapar fotballkampar, så pregar den oss fram til lunsj, og så er det neste utfordring som gjeld, seier brann sin nye sjef, Vibeke Johannesen.

– Det tok litt lenger tid enn etter lunsj å komme over tapet den siste kampen mot Mjøndalen, men det er rett og slett berre å byrje å jobbe. Me er nøydde til det, for me jobbar for Bergen sin stoltheit, seier ho.

– Enkel jente frå Øygarden

Vibeke Johannesen, midlertidig daglig leder i Brann

VIL JOBBE HARDT: Den nye daglege leiaren til Brann vil jobbe hardt for Brann framover.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Vibeke Johannesen har vore lenge i kulissane i Brann, blant anna som salssjef for bedriftsmarknaden, og no trer ho fram.

Ho er frå ein fotballfamilie og har sjølv spelt fotball fram til ho var 17 år gamal, og ho innrømmer at det er lettare å snakke om Brann enn å snakke om seg sjølv.

– Eg er framleis meg sjølv. Eg har vore i Brann i ni år, og har hatt ulike roller og oppgåver. Eg tenkjer ikkje så mykje over det, for eg tar ein dag om gongen og jobbar beinhardt kvar einaste dag, seier ho.

– Eg merkar at eg har fått meir merksemd no enn i den rolla eg hadde tidlegare, og det går greitt. Eg er veldig klar over at det er ein del av det å vera dagleg leiar i Brann, seier ho.

Viss du skal beskrive deg sjølv med ein setning: kven er du?

– Eg er ei enkel jente frå Øygarden, seier ho.

– Leit han gjekk av

Eg var heilt tydeleg og klar på at eg ville gjere dette. I den posisjonen me no er i, så vil eg jobbe endå meir, og endå hardare.

Vibeke Johannesen

Vibeke Johannesen synest det er leit at Roald Bruun-Hansen gjekk av som dagleg leiar. Ho har jobba tett med den tidlegare leiaren.

– Eg har veldig stor respekt og forståing for at valde å overlate roret til nokon andre, men det vart ein spesiell situasjon. Det har vore så mange kjensler i sving den siste tida, seier Johannesen.

Ho seier ho synest Roald Bruun-Hanssen har vore ein utruleg god leiar og ein viktig person for Brann.

– Det har vore utfordrande å høyre dei mange meiningane rundt han, for me ser så mange sider av han internt som me kjem til å sakne, seier ho.

Mange utfordringar

Den nye leiaren for Brann seier det var lett å ta over leiarstillinga i klubben når Brann er i den situasjonen som dei no er. Ho tok det som ei tillitserklæring å bli spurt.

– Eg var heilt tydeleg og klar på at eg ville gjere dette. I den posisjonen me no er i, så vil eg jobbe endå meir, og endå hardare, seier Johannesen.

– Det blir mange utfordringar for meg, og det blir krevjande. Eg veit eg kan legge alt anna til sides dei neste seks månadane, for eg må konsentrere meg om jobben for Brann, seier ho.

– Du ville overta sjølv om du visste om arbeidsmengda og presset?

– Å vera i 1. divisjon trur eg er beinhard jobbing frå morgon til kveld, og eg er villig til å gjere den innsatsen for at me skal få gode Brann-dagar i tida framover, seier Vibeke Johannesen.