Hopp til innhold

– Eg brukar like mykje tid framfor skjermen som på pasientane. Det kjennest veldig feil

HARALDSPLASS SJUKEHUS (NRK): Norske kirurgar vil ha sekretærane tilbake. Helse Vest-topp innrømmer at dokumentasjons- og systemfokuset i helsesektoren kan ha gått for langt.

Operasjonsstue Haraldsplass sjukehus

TOM OPERASJONSSAL: – Det er tryggare for pasientane at legen er ved senga enn ved PC-en, seier kirurg Inge Glambek.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Halve arbeidsdagen sit kirurg Inge Glambek framfor datamaskinen sin på Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen. I løpet av dei siste åra har han gått frå å behandla 30 til 20 pasientar om dagen.

Årsaka er at han og kollegaane no må gjera arbeidet dei før hadde sekretærar til, og dei mange nye datasystema, seier Glambek, som også er leiar i Norsk kirurgisk forening.

– På poliklinikken brukar eg like mykje tid framfor skjermen som på pasientane. Det kjennest veldig feil.

Han meiner konsekvensane blir mindre effektiv pasientbehandling og lengre helsekøar enn det hadde trengt å vera.

– Det er dumt. Det var jo ikkje slik vi skulle ha det. Meininga med datasystema var jo at dei skulle gjera livet lettare for oss. Men det har jo blitt vanskelegare, seier kirurgen.

Inge Glambek, kirurg Haraldsplass

MINDRE PASIENTTID: Fastlegane brukar 70 prosent av tida si på pasientretta arbeid, ifølgje forskarane Judith Rosta og Olaf Gjerløw Aasland, medan Inge Glambek og sjukehuskollegaane i snitt brukar 46 prosent.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Frå 61 til 46 prosent pasientretta arbeid

Norsk kirurgisk forening finn støtte hjå fagfolka, som også peikar på auka krav til dokumentasjon i helsesektoren som ein tidstjuv.

Ein større forskingsrapport publisert i fjor haust av Judith Rosta og Olaf Gjerløw Aasland ved Legeforskningsinstituttet, syner at omfanget av det pasientretta arbeidet hjå overlegar og legar i spesialisering blei redusert frå 61 prosent i 1994 til 46 prosent i 2014.

Inge Glambek, kirurg Haraldsplass

Inge Glambek, kirurg på Haraldsplass og leiar for Norsk kirurgisk forening

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

To av forklaringane er auka dokumentasjonskrav og svakheiter i elektroniske system, meiner dei.

– Systema kommuniserer ikkje med kvarandre, noko som tar mykje tid. Vi prøvar å seia til leiinga at dette ikkje er fornuftig bruk av legearbeidstid, seier Glambek, som meiner ordninga med sekretærar var langt betre, også for pasientane.

– Vi synest det er frustrerande å bruka tid på det vi meiner andre kunne gjort betre enn oss. Det er tryggare for pasientane at legen er ved senga enn ved PC-en.

– Utviklinga kan ha gått for langt

Men han kan truleg sjå langt etter å få ein eigen assistent til å utføra papirarbeidet medan han sjølv er på operasjonssalen, sjølv om Helse Vest vedgår at systema stel tid frå primæroppdraget.

Baard-Christian Schem

Baard-Christian Schem, fagsjef i Helse Vest.

Foto: Helse Vest

– Vi er jo ute etter kor vi kan spara kostnadar, for å bruka den ramma vi har fått av våre folkevalde på ein best mogeleg måte, seier fagdirektør Baard-Christian Schem, for å forklara kvifor ein har erstatta sekretærane med datasystem.

Han innrømmer at det vil ta år før dei nye systema vil fungera etter intensjonen, men har ingen planar om å setja inn fleire tilsette til å ta papirarbeidet fram til den tid.

– Dette er noko vi jobbar med, eg vil nærast seia natt og dag, for å gjera betre. Eg trur ikkje vi skal gå heilt tilbake til gamle dagar. Men det ein kan gjera, er jo å vurdera om den utviklinga ein har hatt, har gått noko for langt, seier Schem.