NRK Meny
Normal

– E16 må fiksast før me får ny E134

Då Statens vegvesen denne veka la fram førebels konklusjon på kva som blir hovudveg mellom aust og vest, peika to alternativ seg ut. – E16 mellom Arna og Voss må stå først i køen, meiner Voss-ordføraren.

Ras ved Stanghelle E16

MÅ FIKSAST FØRST: Ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb seier E16 må fiksast før ny E134 blir planlagt.

Foto: Karl Martin Valestrand

Dei to hovudveg-alternativa er riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, og E134 over Haukeli med forbindelse via Odda til Bergen.

Sistnemnde betyr bygging av ny veg, ein «hordaland-diagonal», enten gjennom Fusa eller om Norheimsund.

– Å satse på to vegar mellom aust og vest er fornuftig, men det viktigaste for oss er å peike på at ein ikkje må lage heilt nye vegar internt i Hordaland når me har dei store utfordringane me har på E16, seier ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb til NRK.

– Påverkar ikkje

Hans-Erik Ringkjøb

E16 MÅ FIKSAST: Hans-Erik Ringkjøb, ordførar i Voss kommune, meiner E16 bør prioriterast før ny E134.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Voss-ordførar Ringkjøb meiner det uansett vil det gå mykje trafikk på E16 framover. Han seier det er det uheldig viss ein no får ei utsetjing eller ein diskusjon rundt E16 fordi ein skal byrje å greia ut andre vegar i Hordaland.

Fagdirektør Hans Silborn i Vegdirektoratet seier Ringkjøb og andre forkjemparar for trygg E16 ikkje treng frykta aust-vest-utgreiinga.

– Denne utgreiinga trur eg ikkje påverkar kva tid Bergen-Voss kjem, seier Silborn.

– Det er realistisk å seie at innan 2050 er Bergen-Voss bygd ut, legg han til.

– Tunnel-direktivet stiller krav

Fagdirektør Silborn seier E16 mellom Voss og Bergen ligg inne i alle alternativa til Vegdirektoratet.

– Det har me gjort fordi me meiner at tunnel-direktivet stiler krav til at me gjer noko ordentleg på den strekninga, seier han.

I midten av januar håpar Vegvesenet å vera ferdig med utgreiinga.

Deretter skal Samferdsledepartementet bestemme seg for kva vegar ein skal satsa vidare på.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik