NRK Meny
Normal

– Du må spele i narkotikarus!

For eit halvt år sidan brakk Jostein Odland armen i ei motorsykkelulukke. I kveld speler han med Kringkastingsorkesteret. I innbilt narkotikarus, viss dirigenten får det som han vil.

Talentene Jostein Odland og Anja Savic Røed får instruksjon av dirigent Ingar Bergby.

Talentene Jostein Odland og Anja Savic Røed får instruksjon av dirigent Ingar Bergby.

– Eg var i ei ganske alvorleg motorsykkelulukke i sommar, så eg var faktisk ikkje sikker på om eg kom til å greie å spele konserten, seier gitaristen frå Kvam i Hardanger.

I kveld blir femte og siste program i TV-serien «Da KORK kom til bygda» sendt. I kveld kjem Kringkastingsorkesteret til Norheimsund i Kvam.

«Dei fleste kan berre drøyme om dette»

I serien vitjar Kringkastingsorkesteret (KORK) fem plassar i Noreg, og saman med lokale heltar skal dei på éi veke skapa ei førestilling som blir vist på NRK1.

jostein1

SPELER MED KORK: Jostein Odland.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det er mange artistar som berre kan drøyme om å spela med eit orkester i ryggen. Dette er ein draum som har blitt til verkelegheit, seier Jostein Odland.

Han har spelt gitar heile livet, så når han fekk førespurnaden om å spele med KORK på fjernsyn, var det som eit eventyr, ifølgje han sjølv.

– Eg hadde jo meldt meg på, men at dei faktisk ringde og spurte om eg ville vera med hadde eg ikkje venta. Eg kolliderte på motorsykkel eit halvt år før innspeling, så eg var livredd for at eg ikkje skulle bli bra i armen tidsnok. Men det gjekk heldigvis bra.

Håpar på fleire spelejobbar

– Eg har vel alltid vore eit musikalsk talent, men eg har aldri vore med på noko slikt før.No håpar eg at ting skal byrja å rulle, og at eg kanskje får litt fleire speleoppdrag seier Odland.

Se «Da KORK kom til bygda» i NRKs nett-TV.

I videosmakebiten frå førebuingane i toppen av artikkelen kan du sjå Odland bli instruert av dirigent Ingar Bergby.

Hans Olav Brenner ankommer gården til talentet Jostein Odland og møter mannen med ljåen.

Hans Olav Brenner kjem til garden til talentet Jostein Odland og møter mannen med ljåen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.