Hopp til innhold

– Dette viruset må ikkje få etablere seg i Sør-Noreg

Fiskesjukdomen ILA er påvist på ei stamfiskanlegg i Fusa i Hordaland. Mattilsynet vil no gjere alt dei kan for at viruset ikkje får fotfeste i Sør-Noreg.

Fisk med ILA-virus

VIRUS: Denne fisken er smitta med ILA-virus (infeksiøs lakseanemi), som er dødeleg for fisk, men ikkje skadeleg for menneske. På grunn av at fisken blir anemisk/blodfattig er gjellene bleike. (illustrasjonsbilete).

Foto: Trygve Thomas Poppe/Veterinær / NRK

– Viruset er dødeleg for fisken og kan gje eit stort tap for næringa. Det er grunnen til at viruset er kategorisert som ein av dei mest alvorlege fiskesjukdomane, seier direktør i Mattilsynet Region Sør og Vest, Hallgeir Herikstad.

Hallgeir Herikstad

SET I VERK TILTAK: Mattilsynet gjer no det dei kan for å hindre at smitten spreier seg, seier regiondirektør i Mattilsynet Region Sør og Vest, Hallgeir Herikstad.

Foto: Mattilsynet

Dei har påvist Fiskesjukdomen ILA i stamfiskanlegget til AS Bolaks i Fusa i Hordaland, etter at Bolaks varsla Mattilsynet om at dei mistenkte sjukdom i anlegget.

Viruset er oppdaga fleire stader i Nord-Noreg, men er sjeldan sett på Vestlandet, seier Herikstad.

– No er det viktig å setje inn alle klutar for å hindre at den etablerer seg i sør, i det betydelege oppdrettsområdet me har her.

Må utslakte all fisk på anlegget

Viruset ILA gjev ikkje sjukdom på menneske, men er svært farleg for fisk. All fisken på stamfiskanlegget i Fusa, kring 24.000 fisk, må difor utslaktast. Anlegget må så vaskast, desinfiserast, og stå tomt ei stund, før det igjen kan bli tatt i bruk.

– Me set i gong ei omfattande undersøking av naboanlegga, anlegga stamfiskanlegget har vore i kontakt med, samt båtane som har vore inne på anlegget, for å finne ut kvar smitten kjem frå, seier Herikstad.

LES OGSÅ: Kina innfører nye restriksjoner på import av norsk laks

– Viktig at dette ikkje spreier seg

Mattilsynet legg også restriksjonar på båttrafikken rundt anlegget, for å hindre at båtar tek med seg smitte ut frå anlegget.

– Dette er eit alvorleg økonomisk tap for dei anlegga som vert smitta, men det er enno meir alvorleg dersom dette spreier seg til matfisk. Difor er det viktig at næringa og publikum er forsiktige slik at dette ikkje spreier seg til andre anlegg, men dør ut, seier Herikstad.

AS Bolaks er i dialog med Mattilsynet, og ønskjer ikkje å kommentere saka før dei veit kva tiltak dei skal setje i verk.