NRK Meny
Normal

– Dette nektar me å godta

Ifølgje ei ny utrekning for behov av pengar til kollektivtransport i norske byar, treng både Bergen, Stavanger og Trondheim mindre enn gjennomsnittet.

I de neste fire årene skal det brukes 16 milliarder kroner på kollektivtrafikk

Regjeringa vil ha ei nye metode for rekne ut behovet for pengar til kollektivtrafikk i fylkeskommunane. Ifølgje den nye utrekninga treng Akershus, Hordaland, Rogaland og Sør-Trøndelag mindre enn gjennomsnittet i resten av landet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Me nektar å gå med på at det er tre gonger så stort behov for buss og bane i Vestfold som det er i Hordaland, seier økonomidirektør Jonny Stiansen i Hordaland fylkeskommune.

I dag skal folk frå kommunaldepartementet møte alle fylkesordførarane og fylkesrådmennene samla, for å diskutera det nye inntektssystemet.

Regjeringa ynskjer ei omlegging for å fordela statstilskota til fylkeskommunane meir rettferdig.

Inntekt per kilometer med veg

Johnny Stiansen

HEILT FEIL: Økonomidirektør Jonny Stiansen i Hordaland fylkeskommune, meiner den nye utrekninga ikkje samsvarar med verkelegheita.

Foto: unknown

Med den nye utrekningsmåten vil Hordaland fylkeskommune innan 4-5 år få 119 millionar kroner mindre i inntekter årleg. Ordninga blir innført gradvis, slik at det kvart år framover blir om lag 25 millionar kroner mindre tilskot frå staten.

Det er opp til fylkeskommunen sjølv å avgjere kor det skal kuttast.

Mellom anna meiner Kommunaldepartementet at "talet på innbyggjarar per kilometer offentleg veg er eit godt kriterium å bruke for å fange opp kostnadene i tettbygde områder."

Men Hordaland, Rogaland, Sør-Trøndelag og Akershus protesterer mot dei nye utrekningane av kostnadsbehovet til kollektivtrafikk i dei mest tettbygde stroka utanom Oslo.

– Me meiner jo at denne utrekninga ikkje samsvarar med slik verkelegheita er, seier Stiansen.

– Misvisande statistikk

I toppetasjen hos Hordaland Fylkeskommune viser økonomidirektør Stiansen og hans medarbeidarar fram dei ferske utrekningane som KS har gjort.

Med kriteriet om innbyggjarar per kilometer veg blir det berre Oslo, Vestfold og Østfold som treng meir midlar til buss, trikk og bane enn landsgjennomsnittet.

Både Akershus og fylka med storbyane Bergen, Stavanger og Trondheim treng nemleg mindre enn gjennomsnittet i resten av landet.

– Når eit fylke har svært mykje veg utanfor storbyområda, skjuler statistikken behova i byane og blir misvisande, meiner Stiansen.

– Ei treffsikker utrekning

Jardar Jensen

TREFFSIKKER: Statssekretær Jardar Jensen meiner metoden for tildeling av midlar er betre enn tidlegare.

Foto: Torbjørn Tandberg

Statssekretær Jardar Jensen er held fast ved at utrekningsmåten er god.

– Dette er meir treffsikkert enn det me hadde tidlegare, seier Jensen.

Men Stiansen håpar på at det vil skje endringar når statsbudsjettet for 2015 blir lagt fram 8. oktober.

– Kan det blir endringar?

– Me håpar jo sjølvsagt på det. Vårt behov blei vurdert alt for lågt, meiner økonomidirektøren.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.