Hopp til innhold

– Dette må vere naturen sin eigen aprilspøk

April markerer starten på sommarhalvåret, og blir ofte brukt synonymt med vår. Likevel var det lite som minna hordalendingane på vår og sommar i dag.

Påskesola?

KOR ER PÅSKESOLA? Anne Grethe Thiis Vestrheim og Madeleine Vestrheim var klar for påskesol, men vart heller møtt med nysnø i Odda i dag.

Foto: Magne Oppedal

På Ådland i Holmefjord i Fusa kommune, vart Monica Aga møtt med ein kvitdekka hage då ho stod opp første dagen i april.

– Her har det vore full snømåking. Det er ikkje så veldig kjekt, for eg synest det bør vere nok no. Det må vere ein liten aprilspøk, seier Aga på telefon til NRK.

Det snør, det snør

Snømengde i Odda

MYKJE NYSNØ: I Odda har det kome 20 cm med nysnø.

Foto: Hege Sandstå

Fleire stadar i Hordaland har det snødd ned i natt og i morgontimane. På Kvamskogen har det kome 40 cm nysnø, medan i Odda har det kome 20 cm med nysnø.

– Sidan tysdag kveld har det kome 40 cm nysnø her på Kvamskogen, seier Unni Arnøy.

Hege Sandstå som bur i Odda likte ikkje synet ho fekk då ho såg ut vindauget i dag.

– Dette kallar eg utspekulert aprilsnarr, seier ho.

Hoppa i snøen i bikini

Anne Grethe Thiis Vestrheim og Madeleine Vestrheim var klar for påskesol, men vart heller møtt med nysnø i Odda i dag. Dei gjekk så langt i å ta på seg bikini og solkrem og trossa snøværet.

– Det gjekk ein faen i oss då vi vakna og såg tidenes beste aprilspøk frå nettopp naturen si sida, seier Anne Grethe.

Ho fekk ideen og fekk med seg dottera si til å vere med.

– Vi kom frå ei treningsøkt og trengde ein dusj. Og så må eg jo leva opp til at dei alltid synest eg er sprø. seier Anne Grethe.

Ikkje uvanleg

– Eg forstår at folk opplever det snøværet som har kome som ein aprilspøk, men det er ikkje uvanleg at vi har snøbyer i april, seier meteorologen Kjersti Opstad Strand.

Meteorologisk institutt har oversikt over kor mange gongar det har blitt observert snø/sludd den 1 april:

  • Bergen sidan 1957: 10 gongar, sist var i 1991.
  • Voss sidan 1967 til 2004: 10 gongar

Ho forstår at det nok er mange som er klar for varme no, og ho kan gje desse eit lite håp.

– Helga etter påske kan det blir høgtrykk og det kan kome tosifra temperaturar. Det er langt fram i tid, så det er usikkert. Men sånn som det ser ut no, så går det rette vegen, seier Strand.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: På Ådland i Holmefjord snødde det ned første april. FOTO: Monica Aga.

Håpar på fint vær i påska

Meteorologisk institutt får mange telefonar frå folk som lurer på korleis påskeværet vil bli.

– Det er betring allereie fredag og laurdag. Ein vil merke allereie i morgon ettermiddag at det vil bli meir opphald, men det er kald luft frå nord. Dette vil gje lågare temperaturar, men ein vil få litt varme frå sola, seier meteorologen.

Kan kome meir snø

Sjølv om mange ønskjer varme og bare bakkar frå april og utover, kan ein oppleve mange fleire dagar med snø framover.

– Det er ikkje uvanleg med snø i april, spesielt ikkje når det er nordleg vind. Og ja, det kan kome også i mai. Eg kan til dømes minne om snøværet som kom 3. mai 2013, seier Bakke.