Hopp til innhold

– Dette er bevisst vandalisering av byen vår

Dei siste åra har mange sjøbuer gått tapt, og i dag gjekk nok ei bu tapt då ein bygning i Sandviken raste saman. – Verre enn brann, seier Tryggve Fett ved Bymuseet i Bergen.

Montasje

MONTASJE: Sjøbua som i dag raste saman er ikkje den første som går tapt i Bergen.

Foto: Kjell Jøran Hansen/James Hosea/Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Det er ikkje første gong ei sjøbu går tapt, slik det gjorde då ei sjøbu raste saman i Sandviken i dag.

12. september 2008 brann Lehmkuhlboden på Måseskjæret i Sandviken ned til grunnen. Bygget som var ein del av Sandviksbodene vart mellombels freda to år tidlegare var av dei største sjøbuene i byen.

7. september 2008 spreidde ein brann som starta i Skuteviksbod 13 seg til større delar av sjøbumiljøet i Skuteviken. To sjøbuer brann ned til grunnen, medan tre andre fekk omfattande skadar.

– Verre enn brann

Trygve Fett

Tryggve Fett meiner at ei sjøbu som rasar saman er verre enn ein brann.

Foto: NRK

Seniorrådgjevar Tryggve Fett ved Bymuseet i Bergen, som og er kjend som borgarmeister i Gamle Bergen seier at eit bygg som rasar saman er verre enn brann.

– Dette er nesten enda verre enn brann. Brann skuldast som regel ei ulykke. Her er det mangel på innsats som gjer at dette skjer. Eg meiner dette er ein bevisst vandalisering av byen vår, seier han.

Han meiner mykje burde vore gjort for å unngå at bua raste saman.

– Det nærmar seg ikkje noko kriminelt. Det er kriminelt!

– Eigarane er skuldige

Tryggve Fett er klar på kven det er som har skuld i at sjøbua raste saman.

– Det er eigarane som er dei skuldige her. I tidlegare stadium har det i alle fall ikkje vorte søkt støtte til å gjere noko, og på mange måtar har dette bevisst bidrege til at dette kunne skje, seier Fett.

Han meiner eigarane har plikt til å ta rekninga når eit bygg dei eig står i fare for å gå tapt.

– Det finst lovhjemlar for at storsamfunnet går inn og set bygg i stand for eigaren si rekning, det hadde eg håpa skulle skjedd for lenge sidan, seier han.

– Ingen gjer noko

Anders Haaland sit i styret i Bergen kulturhistoriske museum, er oppskaka over at nok ei sjøbu i dag har gått tapt.

– Det er ufatteleg at ein liten by som Røros som har 5000 innbyggjarar klarar å bevare heile sin historiske bygningsarv, mens Bergen er ein by på 270.000 menneske og eit budsjett på 15 milliardar eller kor mykje det er, ikkje klarar å sikre desse verdiane trass i at alle er einige om at noko bør gjerast, seier han.

Han meiner at bua som raste saman er noko som ikkje kjem uventa.

– Ingen gjer noko, og eigarane håpar jo sikkert at noko skal skje. No er jo plassen frigjort for at dei kan bruke tomta for noko heilt anna, at dei kan utnytte verdien av den på ein mykje betre måte enn om du restaurerer desse gamle buene, seier han.

Gjorde tiltak

Nils Olaf Elvsaas

Nils Olaf Elvsaas er medeigar i sjøbua som raste saman, og seier at det vart gjort tiltak for å unngå at bua raste saman.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Nils Olaf Elvsaas er ein av fem eigarar av bua som i dag raste saman. Han sa til NRK at det har blitt gjort diverse tiltak for å unngå at bua skulle forfalle, og at dei ikkje trudde bua skulle rase saman.

– Me trudde ikkje det, men det har jo stått veldig lenge, for all del, seier han.

– Det me ser resultatet av i dag er ting som har gått føre seg over mange tiår. Det er ikkje nokon ny situasjon som skapar dette, det er tidas tann, legg han til.

Til NRK seier han at det no vert jobba med å få ein rammetillatelse, og det er først når dei har denne det vil vere grunnlag for å gå i gang med å gjere noko.

Kjem bygget til å stå slik ei stund då?

– Iallfall nokre månadar, men ikkje noko meir enn det. Viss me berre no blir einig med kommunen, så er det ikkje nokon grunn til å utsette det, seier Elvsaas.

Gjekk som forventa

Då Nils Olaf Elvsaas fekk beskjeden om at sjøbua hadde rast saman, så seier han at han ikkje var redd for at noko meir enn bygget hadde kome til skade.

– Det som har skjedd var vel som forventa når det gjekk gale, for dette var det dårlegaste punktet på bygget, seier han.

Han seier han ikkje frykta at det var personar inne i bygget.

– Normalt er det ikkje nokon aktivitet eller folk inne i bygget, så store menneskelege skadar hadde eg ingen tru på ville vere tilfelle. Det har det jo heldigvis ikkje vore heller, legg han til.

I 2008 laga Brennpunkt eit program om brann i verneverdige bygg, som du kan sjå her:

Brennpunkt ser på bakgrunnen for alle brannene i år. Huseiere mener for mye blir vernet, men myndighetene mener det skjer et spekulativt forfall.