Hopp til innhold

– Det vert meir vald i framtida

Det vert meir vald på barnevernsinstitusjonar i framtida, trur avdelingsdirektør i Bufetat.

– Dei fleste av dei som har jobba på tiltak dei siste åra, vil seie det er ein auke av problematikk hos born og unge som vert plasserte på barneverninstitusjonar, seier Endre Blindheim, avdelingsdirektør for tiltak i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), region vest.

Ut av institusjonane

Natt til torsdag vart ein 16 år gamal gut drepen på ein barnevernsinstitusjon i Nannestad i Akershus.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (BUF) prøver no å få fleire born og unge ut av institusjonane og over til fosterforeldre og andre heimebaserte tilbod.

Men dette gjeld først og fremst dei best fungerande borna og unge. Dei med størst vanskar, vert att på institusjonane.

– Det fører til dei som kjem til barnevernsinstitusjonane oftare, vil ha ein tyngre problematikk enn kva tilfelle har vore tidlegare, seier Blindheim.

16-åring drept på barneverninstitusjon i Nannestad
Foto: Espen Eggen / NRK

– Må styrkast fagleg

– Eg trur denne problematikken vil verte endå større hos dei som verte plasserte på barnevernsinstitusjonar i tida som kjem.

Blindheim meiner det er viktig å styrke personalet på institusjonane fagleg for å hindre valden.

– Ein må trene dei i å sjå og lokalisere dei gongane det kan gå mot ein vanskeleg situasjon og dermed vere i førekant av han.

– Viss denne type ungdom ser at personalet er utrygt, vil dei i større grad utagere.