NRK Meny
Normal

– Det nyttar ikkje å vere etterpåklok

Kvart år får rundt 1700 nordmenn den tunge beskjeden om at dei har føflekk-kreft. Det plasserer Noreg på europatoppen. No blir folk over heile landet bedne om å sjekke mistenkelege flekkar.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå reportasjen om Aud Elin Målsnes som oppdaga noko under foten. Eit halvt år seinare gjekk ho til legen og fekk påvist vondarta føflekkreft. FOTO: Christine Kongsvik.

– Eg hadde fått noko under foten, som såg litt rart ut. Det såg faktisk ut som eit rumpetroll, så ein svart strekk og så kom det ei vorte, forklarar Aud Elin Målsnes.

Aud Elin Målsnes

FEKK FØFLEKKREFT: Aud Elin Målsnes er ei av rundt 1700 nordmenn som får diagnosen føflekkreft kvart år.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Aud Elin er ei av rundt 1700 nordmenn som får diagnosen føflekkreft kvart år. Rett før jul, for fire år sidan blei livet hennar snudd opp ned.

Det gjekk eit halvt år frå ho oppdaga flekken til ho gjekk til legen. Der viste flekken seg å vera vondarta føflekkreft.

– Eg hadde ikkje trudd det. Det var ein tøff beskjed å få, seier ho.

300 døyr kvart år

I dei fleste tilfelle er årsaka overdriven soling. Meir enn 300 personar døyr av føflekkreft i Noreg kvart år.

– Det burde vi klare å gjere noko med, fordi føflekkreft er jo faktisk lett å oppdage, seier Lisbeth Rustad, avdelingsdirektør på Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Nøkkelen ligg i å gå tidleg til lege.

Ondartet føflekkreft

TAR 350 LIV: Vondarta føflekkreft tar 350 liv i Noreg kvart einaste år.

Foto: Ingrid Roscher

– Finn du ein rar flekk i huda, eller ein du reagerer på fordi den har kome raskt, ein du ikkje har sett før, eller ein som har forandra seg – ikkje vent. Gå å sjekk den. Det er betre å sjekke ein gong for mykje enn for lite, seier Rustad.

– Gå i tide

– I ettertid så er det opplagt at eg venta for lenge, men vi veit ikkje om resultatet hadde blitt annleis, seier Aud Elin Målsnes.

No har ho fått ein livsforlengjande medisin, som ser ut til å verka godt. Men oppfordringa er klar:

– Det nyttar ikkje å vere etterpåklok. Så gå i tide, legg ho til.

Viktig med rask behandling

Lisbeth Rustad

Gå TIL LEGE I TIDE: Lisbeth Rustad, avdelingsdirektør på Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, oppmodar folk om å gå til legen med flekkane sine.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

6. mai vert den Nasjonale Hudsjekkdagen arrangert og du kan få sjekka mistenkelege hudforandringar og føflekkar av ein hudlege utan tilvising frå fastlege.

– Om ein kjem tidleg til lege, kan ein få betre og raskare behandling. Difor er det viktig at ein får sjekka seg, seier Geir Vangsnes, distriktssjef i Kreftforeningen Vestlandet.

Han legg og til at det er ekstra viktig å passe på huda sin no når våren og sommaren nærmar seg.

– Det er viktig at alle tar vare på huda sin, og det viktigaste er at huda ikkje blir solbrent, seier Vangsnes.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen