Hopp til innhold

– Det er store krefter i sving no

I løpet av natta har vassmengda stige både i Opo i Odda og Vosso på Voss. NVE følgjer nøye med på flaumutviklinga.

Opoelva i Odda

MYKJE VATN: Laurdag morgon er det mykje vatn i Opoelva i Odda.

Foto: 03030-tipsar

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har hatt stigning i vassverdiane gjennom gårsdagen og vidare gjennom natta. Vi hadde ein topp i natt, og i Opo målte vi toppnivået på 236 kubikk kvart sekund. Det er eit høgt tal. Elva Vosso har stige 30 centimeter det siste døgnet, seier regionsjef i Norges vassdrag og energidirektorat (NVE), Brigt Samdal.

Han forventar store vassmengder det neste døgnet. Det er meldt høge temperaturar, som gjer at snøen i fjellet smeltar i rekordfart.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

FØLGJER SITUASJONEN: Brigt Samdal i NVE overvakar situasjonen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det er klart at med det vêret vi skal ha så vil snøsmeltinga fortsette. Då er vi litt prisgitt korleis dette blir med kombinasjonen med nedbør og snøsmelting blir, seier Samdal.

I går vart flaumvarselet for Hordaland oppgradert frå gult til oransje nivå, det er det neste høgaste av dei fire nivåane på NVE sin skala. Det gjeld også Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Rogaland, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland.

Video av Opoelva laurdag morgon

VIDEO: I går vart Hjøllobrua i Odda stengt. Her ser du den høge vassføringa laurdag morgon.

Følgjer godt med

Samdal meiner at kommunane og lokalt nivå er budd på flaumvarselet, og følgjer godt med på det som skjer.

– Vi håpar og trur at vi har kontroll så langt. Eg har ikkje fått melding om store skader endå, men det er store krefter i sving, og det skal små endringar til for at det kan skje uheldige omstende.

Må vere forsiktig

Det er høg vasstand og vatnet har stor fart fleire stadar i Hordaland. Samdal seier at folk må vere merksemd på dette.

– Ein må passe på at ein ikkje kjem for nær elvene, og passe på å halde vegane opne så vatnet får renne der det skal, seier Samdal.

Med så høge temperaturar som er venta i løpet av laurdag og søndag med rundt 28 grader vil NVE følgje situasjonen nøye.

Opo

STIGNING: NVE målte eit toppnivået på 236 kubikk kvart sekund i Opovassdraget i natt.

Foto: NVE
Bulken

VOSSO: Vassføringa i Vosso har stige gjennom natta.

Foto: NVE