– Det er sterke krefter på veg

Ein skal ikkje undervurdere vêret som slår inn over Vestlandet, meiner meteorologane.

Urd på Fedje

HAVGAPET: Ekstremvêret «Urd» slår inn over Fedje.

Foto: Alrik Velsvik

– Den siste observasjonen frå plattforma Gullfaks viser vind opp i 40 meter per sekund i 80 meters høgde. Det seier litt om kva som er på veg mot oss, seier meteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet.

Ekstremvêret «Urd» ligg på nedre grense for det som kvalifiserer til eit ekstremvarsel. Eit av kriteria er vindkast på meir enn 35 sekundmeter, uansett retning.

– Ein må vere forsiktig, og helst ikkje gå ut til kysten for å sjå på bølger. Det kan vere veldig farleg.

Anne Mette Olsen, meteorolog

– Vi kan fort få sterk storm på kysten og i fjellområda. Vi har vindkast som kjem inn over land som kan bli på 35 meter per sekund, seier Skare.

Skiftar vindretning

Så langt har vinden i Hordaland kome frå sørvest. Mellom klokka 15 til 18 er det venta at vinden vil dreie meir mot vest, og mellom klokka 18 og 20 vil den dreie nordvest.

Med vind frå nordvest følgjer det urolege vindkast og ein del byger. Ein kan òg rekne med torden.

Ekstremværet Urd

URD: Ekstremvêret som har fått namnet Urd treff først Møre og Romsdal, men den sterke vinden kjem sør for Stad.

Foto: MET

– Det er frå klokka 15 og utover at vi forventar opp i full og kanskje sterk storm, seier Skare.

– Kor store skadar kan denne typen vind gjere?

– Det er vanskeleg å sei, men ifølgje den generelle farevurderinga er det fare for skade på brygg i kystsona på grunn av høg vasstand og bølger, stor fare for flyinnstillingar og båtar, bruer kan bli stengt, takstein og takplater kan blåse av hus og bygningar, seier Skare.

I fjellet har ein alt fått kjenne på vêrkreftene.

– Det har vore mykje vind allereie. På Røldalsfjellet har det vore orkan over fleire timar. I tillegg har det vore ein del vind i Myrkdalen, og på Midstova i Ulvik har det vore full storm, fortel meteorolog Anne Mette Olsen.

Ute på kysten har det òg vore vindfullt og opp mot liten storm enkelte plassar.

– Ikkje som Dagmar eller Nina

Meteorologane trur likevel ikkje at vi har uvêr som Nina eller Dagmar i vente.

– Det blir nok ikkje fullt mykje vind. Under Nina hadde vi orkan mot kysten, no ventar vi full og periodevis sterk storm. Det er stor forskjell, seier Olsen.

Ho oppmodar likevel folk til å halde seg innandørs.

Høge bølger

Det er venta signifikant bølgehøgde, noko som betyr at enkelte bølger vil bli opp mot 25 meter høge.

– Ein må vere forsiktig, og helst ikkje gå ut til kysten for å sjå på bølger. Det kan vere veldig farleg, seier Olsen.

Politiet, brannvesenet, Statens vegvesen, BKK og Avinor har heva beredskapen før uvêret slår til for fullt. I tillegg er sivilforsvaret kopla inn for å hjelpe til i stormen.

Førebels har det ikkje kome meldingar om skadar i forbindelse med uvêret, men brannvesenet har sikra nokre isoporkassar som blei teke av vinden på Austevollog sjekka eit laust stillas i Bergen.