Hopp til innhold

– Det er snakk om drastiske lønskutt

Reiarlaget Eidesvik på Bømlo ber dei tilsette om å gå ned 29 prosent i løn.

Båtar frå Eidesvik

NEDGANGSTIDER: Det er nedgangstider i skipsbransjen. «Viking fighter» er ein av reiarlaget Eidesvik sine båtar som ligg til kai utan kontrakt.

Foto: Eidesvik

Offshorereiarlaget Eidesvik vil endre på mannskapsrotasjonen på båtane for å unngå oppseiingar.

Det vil bety ein lønsnedgang på heile 29 prosent for dei tilsette, fortel tillitsvald i reiarlaget, Ole Severin Meling.

– Men det er betre enn å gå arbeidsledig, meiner Meling.

Tre tilsette på ei stilling

Nedgang i marknaden gjer at reiarlaget kan få fleire båtar i opplag, fordi dei står utan kontraktar. Allereie har 114 tilsette på sjøen og ni på land mista jobbane sine, melde Maritime.no onsdag.

– Det har vore uvisse mellom dei tilsette på grunn av det som har skjedd før, fortel Ole Severin Meling til NRK.

Han meiner reiarlaget vil klare å unngå oppseiingar dersom avtalen går igjennom. Dei som jobbar i Eidesvik vil uansett merke endringane godt.

I dag jobbar dei tilsette éin månad på, og har éin månad fri. Om forslaget går gjennom, får dei ein månad på og to månadar fri.

I praksis vil løna gå ned med 29 prosent for dei det råkar, fortel Meling.

– Det er snakk om drastiske lønskutt, konstaterer han.

Vil ikkje miste kompetansen

Jan Fredrik Meling

LEIAREN: Jan Fredrik Meling må tenke nytt for å behalde kompetansen i bedrifta i nedgangstidene.

Foto: Eidesvik

Administrerande direktør i Eidevik, Jan Fredrik Meling, trur det blir vanskeleg å få nok kompetente folk på båtane dersom mange blir oppsagt.

Ole Severin Meling meiner det er avgjerande for at dette forslaget no ligg på bordet.

– Vi har prøvd å få igjennom eit liknande forslag før. Eg trur leiinga no har innsett at dei må innføre ei slik ordning for å ikkje miste mykje kompetanse.

Dei rundt 500 tilsette har fram til fredag på å stemme over forslaget. Er dei positive, går saka vidare til sjømannsorganisasjonane sentralt.

Ole Severin Meling poengterer at løysinga er mellombels.

– Dersom båtane får kontrakt igjen, vil dette systemet ta slutt. Men det er vanskeleg å seie kor lenge nedgangstidene vil vare.