Hopp til innhold

– Det er littegrann eksotisk

GJERMUNDSHAMN-VARALDSØY-ÅRSNES (NRK): Norske reiarlag har ein veg å gå før ferjene vert turistmagnetar.

MF VIKING

SLITT FARTØY: Vikingen er eit teneleg fartøy. Det er god plass og ganske koseleg. Og her har dei satsa på plastplantar. No går det to ferjer på strekninga. Den andre går inn til Varaldsøy. Dette er eit eldre og meir slitt fartøy, men har salong oppe.

Foto: Oddgeir Øystese

I sommar kan du vere med på alle dei 19 ferjeturane i fylket.

Korleis går det ann å gå tom for ingrediensar til sveler?

Oddgeir Øystese

I dag er det ferjestrekninga Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes med MF «Vikingen» som står for tur. Dei resterande 16 ferjestrekningane vert evaluerte fortløpande.

gjhamn-varaldsøy-årsnes

– Det er litegrann eksotisk

Korleis ser eigentleg utanlandske turister på ferjene som bind Vestlandet saman? Eg spurde eit spansk-sveitsisk par. Dei har ikkje heilt opplevinga av å vere på fjordcruise.

– Det er litt eksotisk. Me har ikkje slike ferjer i Spania. Men først og fremst er det ein OK måte å transportere seg på, seier Felipe Barbero.

sds

RUNDREISE: Felipe Barbero og kjærasten Nicole Fallacer er på ferie over heile landet. Dei har korkje studert ferjeruter eller sett seg inn i kva ferjesamband dei vil vitje.

Foto: Oddgeir Øystese

Saman med kjærasten Nicole Fallacer er dei på ferie over heile landet. Dei har korkje studert ferjeruter eller sett seg inn i kva samband dei vil vitje.

– Det tek me som det kjem.

– Er det eit eventyr?

– Nja, eg vil vel ikkje kalle det eit eventyr akkurat, seier Barbero.

Tomt for sveler

Dei to har aldri smakt sveler før og takkar høflig ja då NRK tilbyr dei den norske ferjetradisjonen. Diverre viser det seg at dei er tomme for svele-ingrediensar om bord på MF «Vikingen». Dei får vaflar og kaffe i staden.

Konklusjonen må vere at norske reiarlag har ein veg å gå før ferjene vert turistmagnetar.

MF Vikingen

TOMT FOR SVELE: Diverre viser det seg at dei er tomme for svele-ingrediensar om bord på MF «Vikingen».

Foto: Oddgeir Øystese

Dette meiner NRK om ferjestrekninga

Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes:

Overfart og kaiar: 4

Høgdepunktet her er innseglinga til Gjermundshamn. Elles er strekninga faktisk ikkje så veldig spanande. Me er i grenselandet mellom Hardanger og Sunnhordland, og turen hadde nok vore meir naturskjønn eit par kilometer lenger nord eller sør. Varaldsøy er eit fint mellomstopp, men det er den minst fine ferga som går her.

Kai MF Vikingen

LITE SPANANDE: Høgdepunktet her er innseglinga til Gjermundshamn. Ellers er strekninga faktisk ikkje så veldig spanande.

Foto: Oddgeir Øystese

Fartøy: 6

«Vikingen» er eit teneleg fartøy. Det er god plass og ganske koseleg. Og her har dei satsa på plastplantar. No går det to ferjer på strekninga. Den andre går inn til Varaldsøy. Dette er eit eldre og meir slitt fartøy, men har salong oppe.

Service og fasilitetar: 5

Korleis går det an å gå tom for ingrediensar til sveler? Ein skulle jo tru dette er den viktigaste jobben for ein tilsett i ferjekafeteriaen. Dessutan er kaffien altfor tynn. Men det er no i alle fall serveringstilbod om bord på «Vikingen». Nye toalett og venterom på kaiene. Ellers virker den nye kaia på Årsnes nesten bisart stor for den vanlege trafikken.

Nostalgi og oppleving: 3

Det er få X-faktorar her. Ei av ferjene burde jo absolutt ha heitt «Melderskin», men «Vikingen» er jo óg eit ærefullt namn i hordalandsk ferjehistorie.

Totalt 18 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks