Hopp til innhold

– Det har danna seg ein holme av søppel i elva

30 personar har jobba i heile natt for å fjerna bosset som forureinar Etneelva. – Vi har heldigvis ikkje sett daud laks enno, seier elveeigarlaget.

Ryddemannskap i sving i Etneelva.

VIDEO: Ryddar søppel i Etneelva.

Trailervelt i Etneelva

KNUST: Den eine sida av førarhuset er nesten knust etter utforkøyringa. Traileren blei henta opp av elva i natt.

Foto: Egil Torheim / NRK

– Det ser heilt forferdeleg ut, seier ordførar Sigve Sørheim i Etne.

Han er ved Etneelva for å sjå korleis oppryddingsarbeidet går etter utforkøyringa i går ettermiddag. Ein semitrailer med 29 tonn husholdningsavfall køyrde utfor og hamna i den kjende lakseelva.

– Det har danna seg ein holme av søppel midt ute i elva, seier NRK-reporter Egil Torheim like før klokka 9.

  • Sjå alle bileta lenger nede i artikkelen

Nedover elva

Elva har tatt mykje av lasta med seg nedover, og avfallet er spreidd over eit stort område.

Om lag 30 personar har rydda boss frå elva i heile natt. Ryddemannskapa kjem frå brannvesenet, Røde Kors og Sivilforsvaret.

Trailervelt i Etneelva

BOSS I ELVA: Traileren blei henta opp i natt, men bosset ligg igjen nede i elva.

Foto: Egil Torheim / NRK

Men det er framleis store mengder boss i elva, og det kan koma til å ta fleire dagar å få rydda opp i elva.

– Vi må vurdera utover dagen kva vi gjer vidare. Vi må få ein oversikt når det lysnar og legga ein plan, seier Sørheim.

Spent på forureining

Elveeigarlaget i Etne er veldig spent på kva følgjer boss-uhellet kan få.

Fagfolk NRK har vore i kontakt med meiner uhellet skjedde på eit veldig dårleg tidspunkt.

– Heldigvis har vi ikkje sett daud fisk i elva enno, seier Vidar Børretzen, dagleg leiar i Etne elveeigarlag.

Han seier dei i første omgang var redde for forureining av diesel frå traileren.

Vi kjenner ikkje innhaldet i bosset, så vi får sjå nærare på det no når det lysnar, seier Børretzen.

Ber frivillige delta

Elveeigarlaget ber no frivillige om å delta i oppryddingsarbeidet.

– Det blir organisert frivillig opprydding i og langs elva etter uhellet med bossbilen på torsdag. Alle som kan vera med kan møta på Rødekors-huset fredag frå klokka 16 eller laurdag frå klokka 10, skriv laget på nettsidene sine.

Folk blir bedne om at ta med støvlar, jernrive og redningsvest.

Dei som har biltilhengar, traktor med tilhengar eller traktor med frontlessar blir bedne om å ta med dette.

– Kunne gått mykje verre

Semitraileren blei berga opp av elva i natt, og det viser seg at førarhuset er kraftig samantrykt på passasjersida.

– Heldigvis var det ikkje passasjer i bilen, då kunne utforkøyringa fått eit tragisk utfall, seier dagleg leiar Ove Turtveit i Røldal Bilberging.

E134 er innsnevra til eitt køyrefelt fordi brua er blitt skadd i utforkøyringa. Fartsgrensa er sett ned forbi området.

– Brua har store skadar, seier NRK-reporter Egil Torheim som er på staden.

Semitraileren berga opp av elva i natt.

VIDEO: Store skadar på trailer i Etne.

Store mengder søppel i Etneelva.

VIDEO: Søppel i laksefella i Etneelva.