Hopp til innhold

– Det er ei veldig tragisk hending

Mannen (34) som vart funnen livlaus i arresten på politihuset i Bergen onsdag kveld, er alvorleg skada og ligg framleis bevisstlaus på Haukeland.

Celle Bergen politistasjon

FUNNEN LIVLAUS: Ein mann vart onsdag kveld funnen livlaus i arresten på politihuset i Bergen sentrum.

Foto: Arkivfoto

– Dette synest vi er frykteleg trist. Det er forferdeleg når sånt skjer, fordi det er det vi prøver å unngå kvar einaste dag, seier Kari Kjellstad, fungerande leiar for Fellesoperativ eining ved Hordaland politidistrikt.

Ein mann vart onsdag kveld funnen livlaus i arresten på politihuset i Bergen sentrum. Mannen var i politiets varetekt mistenkt for valds- og vinningsforhold.

Mannen er alvorleg skada og ligg framleis bevisstlaus på Haukeland universitetssjukehus, skriv Bergensavisen.

– Skal ikkje skje

Mannen skal ha skada seg sjølv, men politiet vil ikkje kommentere korleis dette har skjedd eller kva han har skada seg med.

Kari Kjellstad, politioverbetjent Rogaland politidistrikt

TRAGISK: - Det er forferdeleg når sånt skjer, fordi det er det vi prøver å unngå kvar einaste dag, seier Kari Kjellstad, fungerande leiar for Fellesoperativ eining ved Hordaland politidistrikt.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Dette er detaljar som Spesialeininga skal prøve å finne ut av. Difor kan ikkje eg seie noko om detaljane på noverande tidspunkt, seier Kjellstad.

Politiet har rutinar kvar dag for å unngå at slike ting skal skje.

– Vi kontrollere alle som kjem inn, og passer på at dei ikkje tar med seg gjenstandar som dei kan skade seg med. I tillegg så får dei tilsyn og vi gjer det vi kan for at dei skal få eit så godt opphald som mogeleg i arresten, seier ho.

Etterforskar saka vidare

Det er no Spesialeininga som etterforskar saka vidare.

– Dei som jobbar i arresten skal jo prøve å forhindre at dette skjer. Difor vil vi følgje opp desse, for det er ein stor belastning også for dei når sånt skjer, seier Kjellstad.

– Vi vil vente til vi har resultatet frå Spesialeininga for å sjå kva vi gjer vidare, legg ho til.