NRK Meny
Normal

– Det er anten himmel eller helvete

Fredrik Haugen er vant med at det er sterkje følelsar hjå brannfansen. – Det står aldri stille, seier midtbanespelaren.

Portrettintervju med Fredrik Haugen på La Manga.

VIDEO: Fredrik Haugen fortel om dei beste og verste opplevingane i karrieren sin.

Haugen har spelt for Brann sidan 2010 - og vore med på fleire opp- og nedturar.

– Det er mykje interesse rundt klubben. Uansett korleis det går er det himmel eller helvete. Det står aldri stille, for å sei det sånn.

Brannklubben er denne veka på La Manga saman med fleire andre eliteserielag, og NRK følger treningar og treningskampar tett.

Haugen er klar for å kjempa i den øvste divisjonen att, men er budd på at dei kanskje ikkje er favorittar.

– Viss nokon seier at andre lag har betre spelarar enn oss, får dei berre gjera det. Me må gjera alt me kan for å motbevisa dei.

Ny kontrakt

I slutten av november blei det klart at Haugen signerte ny kontrakt med Brann som varar fram til sommaren 2018.

– Eg har stor tru på at eg kjem til å vera god i år. Eg håpar eg kjem med meir offensivt, at eg kan skyta og slå målgjevande pasningar.

Sjå heile intervjuet øvst i videovindauga