Hopp til innhold

– Denne vinteren har vore spesielt ille

Talet på dagar med snøskredfare er mangedobla i vinter samanlikna med året før. Og enno er ikkje faren over.

Skred på E39 ved Romarheimsdalen

STOR SNØSKREDFARE: Talet på dagar med stor snøskredfare er mangedobla både i region Voss og i region Fjordane (nord for Sognefjorden). Biletet er frå E39 på strekninga Romarheim-Oppedal.

Vestlandet har opplevd sin verste snøskredvinter på fleire år. Tal frå NVE syner at talet på dagar med snøskredfare på Vestlandet denne vinteren er mangedobla, samanlikna med året før.

Rune Engseth

–ILLE: Vinteren 2014/2015 har vore spesielt ille, seier regiondirektør i NVE Rune Engeseth.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Framleis er fleire viktige samferdsleårer stengde på grunn av skred og snøskredfare. Mellom anna E39, hovudvegen mellom Bergen og Førde, som no er stengt på åttande døgnet.

– Denne vinteren har vore spesielt ille og krevjande, seier regiondirektør i NVE, Rune Engeseth.

Sjå oversikt over dei skredstengde vegane i botn av artikkelen.

LES OGSÅ: Vegstenginga er tung å svelgje for sjåførane

Dagar med snøskredfare Hordaland

MANGEDOBLA: Vinteren 2013/14 hadde region Voss, som strekkjer seg frå Hardangerfjorden til Sognefjorden 2 dagar med stor snøskredfare. Vinteren 2014/15 var talet 16.

E39 opnar heller ikkje i dag

Søndag for ei veke sidan vart fire bilar trefte av eit snøskred på E39 i Romarheimsdalen, og sidan vegen blei stengt for andre gong torsdag, har det gått ni nye skred i området.

Bil med skader etter snøraset i Romarheimsdalen på E39

FIRE BILAR BLEI TREFTE: Eit snøskred trefte fire bilar med elleve personar i på E 39 i Romarheimsdalen sist søndag. Ingen blei alvorleg skadde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Heller ikkje i dag vert vegen gjennom Romarheimsdalen opna. Mykje snø og mildvêr gjer at geologane vurderer det som for farleg.

Det er dei store snømengdene kombinert med låge temperaturar som har ført til den store snøskredfaren, seier geolog Njål Farestveit, som i dag undersøkte skredområdet langs E39.

– Når det er veldig mykje snø, kan skreda bli større, og dei får lengre utløpslengde. Vegane våre vert meir trua.

– Vil komme fleire skred

Njål Farestveit

–KJEM FLEIRE SKRED: Skredfaren på Vestlandet er enno ikkje over, seier geolog i Statens vegvesen Njål Farestveit.

Foto: NRK

I går var det E39 langs Hornindalsvatnet som fekk kjenne på naturkreftene.
Eit stort snøflak losna på tusen meters høgde, og drog med seg store jordmassar.

Og me har enno ikkje sett slutten på skredvinteren, ifølgje geologen.

– Me kjem nok til å sjå ein god del skredaktivitet vidare framover. Me kan framleis få meir snø i mars, som er ein snømånad i fjellet, og i tillegg skal all snøen som no er i fjellet ned, seier Farestveit.

LES OGSÅ: Sjå det massive snøskredet frå lufta

Desse vegane er stengde

Desse vegane er stengde på grunn av skred eller snøskredfare:

  • E39 på strekninga Romarheim–Oppedal
  • Fv 313 Nesheimfjellet
  • Fv 345 Modalen–Steinsland
  • Rv 13 Vikafjellet
  • Fv 241 Gudvangen–Bakka
  • Fv 93 Vadheim – Heggheim
Desse vegane er stengde på grunn av skred eller skredfare

Få det siste frå trafikken på NRK Trafikk