NRK Meny
Normal

– Den norske Bibelen er frisert og sminka

Den norske Bibelen er ikkje så litterært uklanderleg som mange trur, meiner filolog og religionsvitar Helge Fauskanger. – Argumenta hans osar av forakt, seier Bibelselskapet.

Helge Fauskanger

NY OMSETJING: Helge Fauskanger har gitt ut ei ny omsetjing av Det nye testamente. Her kommenterer han også tekstane.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Helge Fauskanger har omsett Det nye testamente frå greske til norsk, for ifølgje han sjølv å syne korleis tekstane eigentleg blei skrivne.

Bibelen

BIBELEN: – Språket i Bibelselskapet si utgåve av Det nye testamente er frisert, meiner Helge Fauskanger.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Askøy-forfattaren meiner Bibelselskapet sine omsetjingar, dei utgåvene dei fleste kjenner og brukar i dag, er så redigerte og friserte at dei ikkje lenger syner tekstane slik dei eigentleg er, men ein omarbeidd og forbetra versjon.

– Bibelselskapet byggjer ei myte for dei som vil tenke på Bibelen som den ypparste av litteratur som er skriven, ei bøkenes bok. Teksten blir behageleg å lese, men den litterære skjønnheiten er i stor grad skapt i omsetjingskomiteen og ikkje av dei opphavlege bibelske forfattarane, seier Fauskanger.

LES OGSÅ: 120 år siden Bibelen ble utgitt på nordsamisk

– Skapar ein illusjon

Helge Fauskanger

NY OMSETJING: – Eg forsøker ikkje å harselere med teksten på ein ufin måte, seier Helge Fauskanger.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Bibelselskapet redigerer like mykje som dei omset, meiner religionsvitaren. Han meiner dette dekker over eit dårleg språk i fleire av dei opphavlege tekstane.

– Det verkar som at Bibelselskapet vil la folk halde på illusjonen om at Det nye testamente er autentisk, og litterært uklanderleg, seier han.

– Eg har ingen illusjon om at mi omsetjing skal bli bruksbibel for nokon, men håpar at truande kan bruke den på eit samanlikningsgrunnlag.

Avviser kritikken

Generalsekretær i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen, seier dei slett ikkje polerer.

generalsekretær i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen

– Det er nærast umogleg å gje att teksta «slik ho eigentleg er», seier generalsekretær i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen.

Foto: Anders Winlund / NRK

– Når ein omset frå eit språk til eit anna skal teksta vere mogleg å lese. Det er nærast umogleg å gje att teksta «slik ho eigentleg er». Dersom ein vil følgje setningsstrukturen slavisk, vil resultatet bli ei svært innvikla tekst med dårleg norsk språk, seier ho.

– Bibelteksta vart først og fremst framført munnleg, og deretter nedskriven av menneske som hadde gresk som andre- eller tredjespråk. Når Fauskanger ikkje tek med dette i resonnementet sitt, opplever eg at polemikken hans osar av forakt. Men lat meg avslutte med å seie at prosjektet hans likevel er interessant.

LES OGSÅ: Bibelsalget har gått til himmels | Suksess for ny trendy bibel

– Forsøker ikkje å harselere

Fauskanger avviser at han syner forakt for Bibelen.

– Eg har ikkje så stort talent for sjølvtortur at eg i to år held på med å omsetje og kommentere ein tekst eg berre har forakt for. Men religiøse kjensler for teksten har eg ikkje.

LES OGSÅ: «Broder Aage» 100 år

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.