Hopp til innhold

– Den har vore maks uheldig

Hobbyfotografen kom over denne ulukkesfuglen då han var ute og gjekk tur.

Hegre sitter fast i gjerde

DØD HEGRE: Det var ikkje noko særleg kjekt syn som møtte Ola Moen då han var ute og gjekk tur på Fedje i går.

Foto: Ola Moen

– Eg har aldri før sett ein fugl som blir sittande fast på denne måten, seier Ola Moen til NRK.

Hobbyfotografen har alltid med seg kamera når han går tur. Til dagleg arbeidar Moen som los, og fredag var han på jobb på Fedje i Hordaland. Moen hadde nokre timar fri og gjekk seg difor ein tur.

Ute på Kræmmerholmen møtte han noko som brått fekk han til å stogga opp. Ein gråhegre som hadde sett hovudet fast i eit gjerde.

Hegre sitter fast i gjerde på Fedje

Fuglen har prøvd å koma seg laus, men til ingen nytte. Spor av blod etter kraftige vengeslag er synleg på gjerdet.

Foto: Fjord Images / Ola Moen

– Maks uheldig

Gråhegre

Gråhegren er kjent for sin lange hals.

Foto: Marek Szczepanek / Wikimedia/Creative Commons-lisens

– Den har lidd ein tragisk skjebne. Den har vore maks uheldig, seier Moen om det makabre synet av den døde hegren.

Det meste tyder på at gråhegren har klart dette sjølv. NRK har vore i kontakt med Fuglevakta ved Norsk Ornitologisk Forening, som seier det skal ein god del til for å fanga ein hegre, utan å bli skadd av det skarpe nebbet.

Dei får jamleg tips om fuglar som er over snittet uheldige.

– Eg tippar han har flydd for låg, eller mista kontrollen i eit vindkast. Så har den treft gjerdet og blitt hengande fast med hovudet. Gjerdet var akkurat for høgt til at hegren fekk føtene nedi, men den har kjempa hardt for å koma seg laus, seier Moen.

Har prøvd å koma seg laus

Ola Moen

Hobbyfotograf Ola Moen.

Foto: Fjord Images / Ola Moen

På bileta som han har tatt ser ein tydeleg at det er blod på gjerdet. Hegren har slått med vengene for å kome seg laus, men har ikkje klart å skape noko kraft.

Som hobbyfotograf er Moen van med å sjå litt av kvart når han er ute i naturen.

– Før har eg kome over hjortekalvar som har sett hovudet fast i gjerde og eg har også sett rev som har sett seg fast i vedstubbar.

Moen tippar fuglen har vore død i nokre dagar. Han løfta den ned frå gjerdet og fekk lagt fuglen på bakken.

– Hadde det vore ein sjeldan fugl hadde eg varsla nokon. Denne fuglen har kjempa lenge og vel, men diverre har han ikkje klart å koma seg laus.