Hopp til innhold

– Flottaste stasjonen på heile Bergensbanen

Stasjonsbygget brann nesten ned i brannen på Hallingskeid for to år sidan. Den nye stasjonen er snart klar, og ein leiar i Jernbaneverket trur det blir den finaste langs heile Bergensbana.

Bygging av ny stasjon på Hallingskeid.

VIDEO: Bygging av ny stasjon på Hallingskeid.

16. juni 2011 tok det til å brenna i eit overbygg på Hallingskeid stasjon på Bergensbanen. 250 passasjerar var om bord i toget som køyrde inn i eit brennande overbygg på stasjonen.

Storbrann på Hallingskeid

BRANN: 16. juni tok det til å brenna i eit overbygg på Hallingskeid stasjon. Havarikommisjonen meiner at

Foto: Per-Christian Magnus / NRK

Toget var berre fem meter frå flammane då det stoppa, og etter at passasjerane hadde kome seg ut tok det berre femten til tjue minutt før heile toget var overtent.

Eit år etter kom Havarikommisjonen med ein førebels konklusjon som sa at brannen truleg blei starta av sveisearbeid .

I juli i fjor blei det gitt løyve til å starta bygging av nytt overbygg på Hallingskeid stasjon. Overbygget som tok fyr var av tre, noko Jernbaneverket fekk kritikk for. Det blei difor bestemt at det nye bygget skulle vera av stål eller betong .

LES OGSÅ: Rømte fra flammene i rullestol

Ligg framføre skjema

– Den store forskjellen er at dette er eit stålbygg, medan det tidlegare var treoverbygg, seier Jon Himle, leiar for EL-sikkerheit i Jernbaneverket, som deltek i byggearbeidet på Hallingskeid.

Stålbygget blei starta på i fjor sommar og det er no bygd ferdig langs den strekninga der det gamle bygget tidlegare stod.

– Me fjerna først det som var oppbrent etter brannen. Deretter bygde me ny skjenegang, ny køyreleidning, skifta ut alle kablar, og så sette me i gang med fundamentering, fortel Himle om byggearbeidet.

Blant det som gjenstår er at det skal byggast ny plattform, men dei ligg godt framføre tidsskjemaet.

– Me ligg faktisk før ruta vår, så me skal nok klara å halda oss til tidsfristen, seier Himle.

Stokke Stål AS har bygd ståloverbygget på Hallingskeid. Dei hadde ut juli månad på å bli ferdig. Dei blei ferdige to-tre veker før tida og kunne i går pakka saman og reisa frå Hallingskeid.

– Flottaste stasjonen

– Det blir ein heilt ny stasjon og den blir ferdig i løpet av hausten, seier Himle.

Dermed trur han stasjonen er klar til å ta i mot sykkelturistar som skal sykla Rallarvegen over ferien.

– Eg trur det blir den flottaste stasjonen på heile Bergensbana, legg Himle til, med glimt i auga.

Jon Himle er leiar for EL-sikkerheit, Jernbaneverket og deltar i byggearbeidet på Hallingskeid stasjon.

VIDEO: Jon Himle om byggearbeidet.

Oppgradering tidlegare enn planlagt

Tidlegare var plattforma for av- og påstiging tilpassa ei vogn. Den nye plattforma som blir bygd no blir 220 meter og får plass til heile toget.

– Plattforma blir i forskriftsmessig høgde og lengde ut frå dagens krav, og blir dermed både høgare og lengre enn den gamle, seier kommunikasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Alle stasjonane langs Bergensbana skal oppgraderast til forskriftsmessig standard, og dette blir for tida gjort blant anna på Voss. Men Hallingskeid skulle etter planen oppgraderast noko seinare.

– På grunn av brannen blir Hallingskeid tatt tidlegare, seier Hjertaas.