Hopp til innhold

– Demokratiutviklinga i Russland går bakover

I dag tek menneskerettsorganisasjonen Agora ved leiar Pavel Tsjikov imot Raftoprisen 2014. – Mange europearar trur demokrati er noko gitt og stabilt. Men det er det ikkje, seier Tsjikov til NRK.

Intervju med Pavel Tsjikov.

MOTTEK PRISEN I DAG: Raftoprisen 2014 blir i dag delt ut til den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora, ved leiar Pavel Tsjikov (36). Foto/redigering: Tim Wassmo.

Raftoprisen 2014 blir i dag delt ut til den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora, ved leiar Pavel Tsjikov (36).

LES MEIR: Raftoprisen til russisk menneskerettsorganisasjon

Putin bryr seg definitivt ikkje om menneskerettar.

Pavel Tsjikov

– Me jobbar primært nasjonalt på eit russisk nivå. Denne prisen betyr at nokon utanfor Russland ser oss, anerkjenner arbeidet vårt, legg merke til oss og støttar oss. Dette er eit tydeleg teikn på at me gjer noko rett, seier Tsjikov til NRK.

– Raftoprisen er den fyrste internasjonale prisen me har fått. Alt godt du får for fyrste gong er svært gledeleg.

– Ingen må ta demokrati for gitt

Pavel Tsjikov

RAFTOPRISEN 2014: Leiar av menneskerettsorganisasjonen Agora, Pavel Tsjikov, tek i dag i mot Raftoprisen 2014 i Bergen.

Foto: Hans Jørgen Brun

Menneskerettsorganisasjonen Agora blei etablert i 2005 og består av rundt 35 juristar som fører saker knytt til myndigheitenes overgrep i dei fleste av Russlands regionar. Agora jobbar gratis for klientane sine, men juristane får betalt gjennom donasjonar til organisasjonen.

LES OGSÅ: – Tør ikke ta imot prispengene

Agora står bak nyheitsbyrået openinform.ru som rapporterer om brot på menneskerettane i Russland. Ein av dei viktigaste aktivitetane er forsvar av aktivistar, bloggarar, journalistar og ikkje-statlege organisasjonar mot offentlege instansar.

– I 1990-åra var Russland, sjølv med nokre hindringar, på veg mot demokrati. Under Putins tid beveger me oss bakover, seier Tsjikov.

Tsjikov samanliknar Russland med ein unge som har gått seg vill i skogen, og som ikkje veit kvar han skal gå vidare.

– Mange europearar trur at demokrati er noko som er gitt og stabilt. Men tingen er, at det er det ikkje. Det veks fram krefter no, som prøver å underminere demokratiske verdiar frå ulike deler av verda.

– Demokratiske verdiar er noko ein må kjempe for heile tida, seier Tsjikov.

– Å bli forfølgt er prisen du betalar

I fjor gjekk Raftoprisen til Bahrain Centre for Human Rights. Organisasjonen som kjempar for menneskerettar har leiaren sin i fengsel etter han kritiserte statsministeren i landet.

Agora

AGORA: Agora jobbar gratis for klientane sine, men juristane får betalt gjennom donasjonar til organisasjonen.

Foto: Lillian Solheim / Raftostiftelsen

– Fryktar du å bli arrestert for arbeidet ditt?

– Nei. Det handlar ikkje om frykt, men om konsekvensane for arbeidet. Viss du arbeider med menneskerettar i Russland, med politisk arbeid eller som journalist, så er det ein risikoen for at du kan bli forfølgt eller skada på grunn av dette. Det er prisen du betalar, seier Tsjikov.

– Korleis ser Putin på organisasjonen dykkar?

– Eg trur ikkje han ser til organisasjonen vår i det heile tatt. Han bryr seg definitivt ikkje om menneskerettar, menneskerettsorganisasjonar, eller det sivile samfunnet generelt.

– Me må gjere vårt beste for å forklare kva det er som skjer i Russland. Den russiske regjeringa lyg. Nabostatar burde følgje godt med på kva som skjer i Russland no, og halde eit auge på for eksempel Ukraina.

LES OGSÅ: Separatistenes val kan forverre konflikten i Ukraina