Hopp til innhold

– Dei andre miljøpartia har svikta Bybanen

– Miljøpartia SV, KrF og Venstre må ta ansvaret for bybane-kollapsen i bystyret, meiner Sondre Båtstrand i Miljøpartiet Dei Grøne.

Sondre Båtstrand

TRENERING: Toppkandidaten til Miljøpartiet det grøne, Sondre Båtstrand er lei av å venta på utbygginga av Bybanen. Han meiner dei andre miljøpartia står i vegen for vidare bygging.

Foto: Miljøpartiet Det Grøne

Vallogo

Det var høg temperatur – og lite kompromissvilje då Bergens Tidende i går kveld inviterte til bybanedebatt på Kvarteret i Bergen.

Bybanen

HER STOPPER DEN: Bybanen i Bergen har førebels kun ein linje. Ingen veit kor tid bane til Åsane og/eller Fyllingsdalen kan stå klar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Sondre Båtstrand frå miljøpartiet dei grøne retta skytset mot miljøpartia SV, KrF og Venstre.

– Det er tre parti som har klart å trenera saka sånn at bybaneutbygginga har stoppa opp. Dei har sagt at dei er for bybanen men alt dei har gjort er å hindra vedtak om bygging av banen, seier Båtstrand.

Stoggar utbygginga

Han meiner det er dei tre Bryggen-partia som må ta ansvaret for at bystyret ikkje har vore i stand til å fatta noko vedtak for bybanetraseen mot Åsane – og at det vert pause i bygginga når bybanen er framme på Flesland.

– Når «Bybanen Utbygging» nedbemannar frå 75 personar til 45 er det eit teikn på at no stoppar det opp. Bana til Fyllingsdalen er ikkje så enkel som folk trur. Det eg fryktar no, er at me står att med ein enkeltrase av bybanen grunna krangling.

bybane-debatt

Her er toppkandidatane i Bergenspolitikken under Bergens Tidende sin debatt om Bybanen torsdag kveld.

Foto: SOLVE RYDLAND / NRK

– Det er ein pussig påstand. Sanninga er at det er tunnelforkjemparane som ikkje har klart å samla seg om ei tunnelløysing, seier Mikkel Grüner frå SV, som ikkje vil ta ansvaret.

Han meiner det er ein myte at det har vore eit fleirtal for ei konkret. tunnelløysing.

Audun Lysbakken og Mikkel Grüner

Mikkel Grüner er SVs 2. kandidat i Bergen. Her saman med SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er ikkje fleirtal for ein tunnel. Det er fleire ulike modellar på bordet. Den dagen dei klarar å samla seg om ein tunnelløysing så skal den greiast ut på nytt. Då startar me heilt forføra. Det er det som har blokkert denne saka.

Ikkje einige

Også Erlend Horn frå Venstre reagerer på utspelet frå dei grøne. Han er einig med SV at bybanen gjennom sentrum er ei betre miljøløysing enn bybanen i tunnel.

– Det er ikkje uvesentleg korleis me bygger Bybanen. Om me bygger ei bybane som er gøymd vekk som er mindre tilgjengeleg for menneske så vert det ei dårlegare Bybane. Det er tapt potensial for miljøet i denne byen.

– Poenget er at me må bygga bybanen. Då har me eit klart fleirtal i bystyret i dag og det fleirtalet har me i bystyret etter valet uansett, seier Båtstrand.